Fem elevar i Oslo-skulen skal få sjansen til å fullføra vidaregåande skule på to år, i eit forsøksprosjekt som blir starta til hausten. Av 6000 elevar var det berre 12 som søkte om å vera med, og fem av desse kom inn, skriv Osloby.
Forsøket har blitt gjort tidlegare, i Bergen mellom 2009 og 2013 – den gong var det berre halvparten som fullførte.
For å unngå det, vil Sylvi Listhaug (Frp) gi økonomisk motivasjon til elevane som prøver å fullføra VGS på to år, melder NRK. Listhaug er leiar av Frp sitt kunnskaps- og familieutval.
– Dette er eit tiltak som kan vera ein moglegheit for dei til å kunne komma seg raskare gjennom vidaregåande skule og komma seg fortare i jobb, seier Listhaug til NRK. Ho meiner òg elevane som er i stand til å fullføra VGS på to år er oversett i norsk skule.
LES OGSÅ: Noko skurrar i Osloskulen
Skepsis
Forslaget har ikkje blitt møtt med stormande jubel så langt – snarare tvert imot.
– Eg tykkjer ikkje me som statlege myndigheiter skal legga til rette for at det er økonomi i staden for eigen glede over å gi den ekstra innsatsen som skal vera motivasjon for å gå eit slikt løp, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Birgitte Jordahl, til NRK.
LES OGSÅ: Elevar med dårlege karakterar mest mobba