– Regjeringa vil ruste opp fylkesvegar, byggje fleire bruer og tunnelar, og halde ved like flyplassane i fylket, skriv kommunalminister Jan Tore Sanner (H) i svaret til det tverrpolitiske distriktsopprøret i Sogn og Fjordane.

NPK
NPK

Før sommaren sende ei rekkje politiske parti, kommunestyre og eldreråd brev til Statsministerens kontor (SMK) på oppmoding frå kommunestyret i Førde. SMK sende det vidare til Kommunaldepartementet, som no har svara politikarane.

LES OGSÅ: Men livmora mi får du aldri

Store konsekvensar
I brevet etterlyste dei ein tydeleg distriktspolitikk og hevdar at fleire av reformene til regjeringa er sentraliserande. Reformer av kommunane, politiet, fiskeriet, landbruket og skattekrevjinga er blant dei regjeringa har starta på dei siste åra.

– Enkeltvis kan dei ha avgrensa konsekvensar, men ser du på heile potten vil dei ha store konsekvensar for fylket, sa ein av initiativtakarane, Helge Robert Midtbø (Ap), til Firda då brevet vart sendt.

Politikarar frå alle parti i kommunane Førde, Gloppen, Bremanger, Gaular, Naustdal, Jølster, Luster, Lærdal, Balestrand, Flora, Fjaler og Høyanger har sendt protestbrevet til regjeringa.

Naudsynte reformer
– Nokre av dei viktigaste ressursane vi har ligg nettopp i distrikta, skriv Sanner i sitt svar.

Kommunalministeren peikar på at regjeringa ønskjer å leggje til rette for næringsutvikling i regionen, til dømes i landbruket. Gode vilkår, som god infrastruktur, er viktig for næringslivet, skriv Sanner.

Statsråden er nøgd med dei gode resultata Sogn og Fjordane kan vise til i skulen, og meiner det er godt for innovativt næringsliv i fylket i framtida.

Reformene er ifølgje Sanner naudsynte for å sikre gode tenester der folk bur, òg i framtida. I tillegg skriv han at dei vil satse på infrastruktur og viser til at regjeringa vil ruste opp fylkesvegar, byggje fleire bruer og tunnelar, og halde ved like flyplassane i fylket.

LES OGSÅ: Skulle ønske fleire unge engasjerte seg i politikken

Vilje til satsing
Han viser òg til at det er ein del statlege kompetansearbeidsplassar i fylket, noko han meiner viser at det er politisk vilje til å styre utviklinga i Sogn og Fjordane med statlege arbeidsplassar.

I tillegg skriv statsråden at regjeringa skjermar kompetansearbeidsplassar i distrikta i dei viktige reformene.

– Om det vert slik som regjeringa vil, at staten tek over skattekrevjinga frå kommunane vil Sogn og Fjordane framleis ha sine 35 arbeidsplassar i Skatteetaten, medan Oslo vil miste 77, skriv statsråden.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE