680 avviste asylsøkjarar reiser frivillig heim

På busskura i Oslo oppfordrar Utlendingsdirektoratet utviste asylsøkjarar til å søke om pengestøtte til heimreise. Så langt i år har 680 personar søkt og fått pengar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Informasjonskampanjen starta 13. juli.

– Vi har allereie merka stor pågang på nettsidene våre, trafikken har auka med over 200 prosent. Det viser at kampanjen fungerer, seier Bente Astad, fungerande fagsjef i region- og mottaksavdelinga i Utlendingsdirektoratet (UDI) til Vårt Land.

LES OGSÅ: – UDI tar frå oss retten til livet som ein familie

Kan få med seg pengestøtte
Personar som får endeleg avslag på asylsøknaden, blir gitt ein frist til å reise ut frå Noreg. Reiser ein ikkje ut før fristen, er ein her ulovleg. Dei som reiser frivillig, kan få med seg pengestøtte, og norske styresmakter kan betale heimreisa. Men frå 1. september blir pengestøtta mykje lågare for dei som er i landet ulovleg.

LES OGSÅ: No smiler Halat

Russarar største gruppa
Til saman i år har 680 personar fått innvilga søknad om støtte til assistert retur. I snitt har dei fått litt over 17.000 kroner til å starte eit liv i heimlandet. Den største søkjargruppa er russarar, deretter kjem personar frå Bangladesh og Afghanistan.

Plakatane finst på seks ulike språk: engelsk, russisk, arabisk, somali, kurdisk og dari. UDI meiner dette er heilt nødvendig for at kampanjen skal bli forstått.

– Menneske utan lovleg opphald kan sjeldan norsk, difor vender vi oss til denne gruppa på deira eige språk. Det gjer informasjonen meir relevant for dei informasjonen gjeld, seier Astad.