Lukka er ein flekk med jord

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Partsbruk er den nye trenden

– I år er det 29 partsbruk i Norge. I fjor var det 13. Sverige er eit land som vi ofte tenkjer alltid er først ute med ting, men der er det berre seks bruk.  Eg trur det skuldast at ein i Norge ikkje har ein så stor avstand mellom by og land, og at vi har eit litt nasjonalromantisk syn på bonden. Vegen tilbake til landbruket er difor ikkje så lang, seier Håkon Mella.

Han har nett starta arbeidsdagen som gartnar på Dysterjordet Andelslandbruk. Her, midt mellom asfaltjungel, Rema 1000 og bustadhus i Ås sentrum kan 209 partseigarar kvar veke kome for å hauste friske grønsaker.

– Vi vart stifta i november i fjor, så dette er første driftsesong. Det hadde tidlegare vore ei gruppe studentar som hadde skrive ei oppgåve der dei såg på moglegheitene for å få til noko slikt, seier Vibeke Myrås, styremedlem i partslaget.

LES OGSÅ: Stor draum i mikrohus

Vibeke Myrås haustar inn på Dysterjordet.

Venteliste i mange år
Partsbruk vert stadig meir populært. Enkelte stader er står ein på venteliste i fleire år for å vera med. Å få partseigarar til Dysterjordet var difor ikkje vanskeleg. Medlemmane kjem frå Ås, Oslo og andre nabokommunar. I alt har dei plass til 250.

– Eg trur folk har venta på noko slik. Dette er noko eg har lengta etter, i alle fall, seier Myrås, som trur mange lengtar etter det enkle livet.

På Dysterjordet har dei i tillegg til gartnar òg ein dagleg leiar tilsett i ei lita stilling.

– Det gjeld å finne sine eigne måtar og løysingar å drive på. Finne ut korleis det fungerer i praksis, seier Mella.

LES OGSÅ: Bærekraftmisjonæren

Vekas rasjon i handlekurv. Men grønsakene liknar ikkje på dei i butikken. Her er ingenting sprøyta eller pakka inn i plast.

Felles avling, felles risiko
Grunnprinsippa i eit partsbruk er felles avling og felles risiko, dialog mellom produsent og forbrukar og ein open og gjennomsiktig økonomi. Medlemmane kjøper seg inn, og forpliktar seg samstundes til seks dagar dugnad i veka. Ein part kostar 2500 kroner i året per person. Så kan ein kome og hente grønsaker tilsvarande forbruket til andelseigarane i hushaldninga.

Mella trur det er mange grunnar til at folk kjøper seg inn i eit partsbruk.

– Nokre er glad i det sosiale, nokre saknar ein hage og andre igjen er opptekne av økologisk og kortreist mat.

LES OGSÅ: Vil sparke deg med begeistring

Det er ikkje ofte ein ser ruccola-salat i blomst i ein vanleg matbutikk.

Rom for litt av kvart
For alle grønsaker på Dysterjordet er dyrka økologisk. Kva grønsaker ein skulle ha vart bestemt av partshavarane etter tilråing frå gartnaren.

–  Vi har ti felt og ni ulike plantefamiliar her. Det er både basisgrønsaker som kål, gulrot og potet, men også eksotisk bladgrønt frå Asia, seier Mella.

Om ein ikkje er nøgd med utvalet er det høve til å starte opp si eiga undergruppe.  

– Vi har lagt opp til at kan starte sine eigne arbeidsgrupper og drive med blomster, bier, høns og andre initiativ. Det vil nok kome etter kvart, når ein har kome ordentleg i gang, seier Myrås.

Då ho kom til Dysterjordet første gong klarte ho ikkje sjå at området kunne ha potensiale til å bli eit bognande matfat. Då det viste seg at det  gjekk an fekk ho til gjengjeld ei wow-kjensle. Denne prosessen er noko av det ho tykkjer er så spanande med partsbruk – å sjå naturen utvikle seg, steg for steg på nært hald.

Å sikre matjord er ein annan del av det heile.

– Jordet her har vore truga av utbygging fleire gonger. No har bonden som eig det plutseleg 209 personar på laget sitt.

LES OGSÅ: Plussamfunnet i skogen

Håkon Mella jobbar 50 prosent som gartnar på Dysterjordet og har tidlegare skrive bok om å kjøkkenhage.

Alle kan gjere litt
Mella går tilbake til arbeidet. Myrås skal heim og lage seg lunsj av fangsten for i dag. Det same skal kanskje Fredrikke E. Steffansen. Ho har vesle Asger (9 mnd) på ryggen, og Carl Otto (3) diltande ved sidan av seg. Dei har gløymt både kurv og pose, så i dag må dei improvisere med sykkelhjelm.

– Vi meldte oss inn fordi vi elskar heimedyrka grønsaker, og ynskjer å vere sjølvforsynt med dette i størst mogleg grad. Vi dyrkar også grønsaker heime.

Ho trekk også fram miljøet som ein annan viktig årsak til at dei melde seg inn.  

– Ein liten småbarnsfamilie kan ikkje redde miljøet, men alle kan gjere litt. Kutte forbruk og tenke over kva ein kjøper. Har ein til dømes ei økologisk matvare heime frå før og treng mjølk til, vil ein kanskje velje den økologiske mjølka når ein står i butikken.

Carl-Otto Steffansen viser fram salaten han har plukka frå Dysterjordet. Den skal bli med heim.