Vil sparke deg med begeistring

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2008 bestemte tre naboar på Landås i Bergen seg for å følgje magekjensla. Dei ville finne ut korleis dei kunne gjere noko med klimaendringane i sine eigne liv. Ideen var å gjere noko så gøy at folk i nabolaget hadde lyst å vere med.

I dag sit Berekraftige liv på Landås i miljø- og klimaminister Tine Sundtoft sitt klimaråd, med aktørar som NHO, Norsk Polarinstitutt, WWF og Statoil. Politikarar, forskarar og presse teke turen opp under Ulriken sidan oppstarten..

LES OGSÅ: Klimaforskaren som ikkje flyr

Bydelane Sandviken, Løvstakken, Hellen, Nordnes, Nattland og Sædalen er blant dei som har kasta seg på. Også andre lokalsamfunn, som Voss og Austevoll, har blitt med.

Mykje stort har byrja i det små, vert det sagt om naboane på Landås.

Jordbæra er i ferd med å bløme på Landås.

Gøy på Landås
Den eine av intiativtakarane, Liv Karin Lund Thomassen, forsvinn ut for å handle inn til fest for dei frivillige i ei av gruppene til Berekraftige liv på Landås. Tilbake på kjøkenet hennar sit ein av dei andre som starta rørsla, Agnes Vevle Tvinnereim.

Ho fortel kva Berekraftige liv går ut på: Dei skal redusere sine økologiske fotavtrykk og dei skal ha det gøy medan dei gjer det.

Sykkelpuss, vedhogst, matskog, energiprosjekt, kjøkenhagekurs, reparasjonskveld, LandåsFest, felles heimekontor og matkurs for born er blant aktivitetane dei mellom 80 og 100 frivillege har drege i gong på Landås. Sjølv om dei vektlegg trivsel, fellesskap og handling, er det uroa for klimaendringane som ligg bak naborørsla.

– Klimaendringane kjennest så grandiose, og det å brette mjølkekartongar så lite. Samstundes er det for stort for mange å engasjere seg på nivå med storsamfunnet og troppe opp på Løvebakken. Då vi gjekk for eit nivå i mellom – nabolaget – forstod vi ikkje kor genialt det var, seier Agnes.

LES OGSÅ: Utfordrar heile Noreg til å finne polfararen i seg

For når nabolaget samlast i lysthagen eller til kjøkenhagekurs er terskelen lågare for å vere med, sjølv om ikkje klimasaka er di sak.

– Hadde vi laga ein organisasjon på bynivå, så hadde vi nok møtt dei same 50 personane som brenn for saka kvar gong. I nabolaget vert fleire med, berre fordi ein vil vere der det skjer. Samstundes byggjer vi trygge, gjennomsiktige og trivelege nabolag, seier Agnes.

Ho meiner det nærast er ein verdsdel av kunnskap og erfaring ein har klart å aktivere i nabolaget. Risikoen for å teste ut nye prosjekt er dessutan låg.

– For politikarar, forskarar og næringsliv er nabolaget eit veldig interessant nivå. For oss sjølve skapar vi ein betre stad å vakse opp der folk tek meir ansvar, fordi ein føler ein har ein plass og ei rolle i lokalsamfunnet, seier ho.

Framføre den gamle prestegarden på Landås har Berekraftige liv laga parsellhagar.

Morna, Listhaug
Noko av det største som skjer i nabolagsrørsla nett no er planen om å spasere rett forbi landbruksminister Sylvi Listhaug og dei etablerte butikkjedene. Naboane har nemleg byrja å kjøpe maten sin rett frå vestlandske bønder.

LES OGSÅ: Ho vil ut av fortida

Dei har etablert eit samverke, kontakta småbønder i regionen, laga ein avtale om levering via det lokale eldresenteret, og sel mat til kundane frå ein popup-butikk kvar torsdag. Maten har naboane bestilt på nett på førehand. Ambisjonane er på plass:

– Vi vil bidra til å sikre mattryggleiken og verdiskapinga på Vestlandet, ved å vere ein kanal der bøndene som er for små for daglegvarekjedene kan selje maten sin direkte til forbrukarane. Samstundes får vi alle fordelane med kortreist mat, nær kontakt med produsentane og kvalitet, seier Agnes.

Prosjektet har førebels ikkje teke av, men signala er positive, ifølgje Agnes. Framleis er det berre kring 50 som handlar mat via samverket, men over 550 kundar er registrerte. Og talet veks.

– Det handlar mykje om å endre vaner og ein del om marknadsføring, meiner Agnes.

Baugane
Alt går sjølvsagt ikkje alltid på skinner for naboane på Landås. I dag jobbar Agnes og Liv Karin fulltid med rørsla utan full løn. Det kan dei ikkje gjere for alltid.

– Vi er på feil spor når det kjem til å endre vaner, og vi har ikkje tid eller råd til å vente i åresvis før folk skjønar det. Nettverket av folk vil noko, opnar nye dører for innvoasjon og skapar nye arbeidsplassar, så det gjeld berre å trykkje på dei rette knappane. At vi kom inn med svært ulik kompetanse og erfaring og måtte lære oss alt undervegs, har også vore ein baug. Samstundes bur faktisk all naudsynt kompetanse i dei fleste nabolag og vi aktiverer stadig meir av den.

Ein ting saknast likevel framleis.

– Store pengar til investeringar skulle vi gjerne ha funne i nabolaget, seier ho.

LES OGSÅ: «Shit, dette kjem til å skje»

Men begeistring og vilje, det har dei.

– Vi har vore heldige og får mykje tillit og hjelp fordi vi faktisk berre vil endre verda, ler Agnes.

Til dømes stiller eldresenteret kjølerom til disposisjon for Matkollektivet, og personalet tek imot leveransar frå bøndene i laupet av veka. Lokale designarar og fotografar har hjulpe til med marknadsføring gratis.

– Mange syns det er sinnsjukt kult at nokon vil noko bra, seier ho.

 – Eg tek berre nokre blad med peppermynte i ein kopp varmt vatn, så har eg ein frisk te, fortell parsellhageeigar Sabine Haake.

Sjelen følgjer kroppen
Ein sentral tanke bak rørsla er at ein skal byrje med å gjere. Naboane seier dei vart overraska over kor mykje handlingar påverkar haldningar.

– Når kroppen er i gong følgjer sjelen og tankane etter. Uansett kor lite ein er med, så byrjar ein å leggje merke til andre berekraftsspørsmål, seier ho.

Agnes vil ikkje vektleggje kva som er rett eller gale.

– Eg trur teknologiske løysingar vil gjere mykje i møte med klimaendringane, men eg trur ikkje teknologi kan løyse dei endringane vi har sett i gang i krinslaupa. Den måten vi forbrukar ressursar på i dag kan vi ikkje halde fram med. Men eg trur vi kjem lenger ved å snakke om smart og usmart, enn rett og gale.

Ho trur folk veit at skoen trykkjer. 

– Det som er sikkert er at om ein går inn med peikefingeren og seier at alle må leve optimalt, så mistar vi motet. Eg klarar ikkje sjå at dårleg samvit driv oss framover. Så då kan vi heller ha det gøy på vegen mot endring.

Difor går ikkje naboane på Landås inn i problema og hamrar laus. 

– Nei, vi løftar fram løysingane og freistar å gje folk eit begeistra spark bak, seier Agnes.

LES OGSÅ: – Dårleg debattklima om klima