Mange akademikarar vil arbeida til etter fylte 70

Medan mange akademikarar gjerne arbeider til etter dei har fylt 70 år, er situasjonen ein annan i Unio der det handlar om å stå fram til ein har tent opp full pensjon.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hovudorganisasjonen Akademikerne organiserer dei med lengst utdanning, som legar, økonomar og ingeniørar. Torsdag la dei fram ei fersk undersøking som viser at stadig fleire av medlemmene ser for seg lange yrkeskarrierar, skriv Klassekampen.

Frå 2007 til 2015 har delen som ser for seg at dei er i arbeid også etter at dei har fylt 67 år, auka frå 17 til 35 prosent. 10 prosent seier no at dei ønsker å pensjonera seg først etter fylte 70 år.

LES OGSÅ: Ein skrekkfilm kalla pensjon

Ein annan situasjon
Hos Unio som mellom anna organiserer sjukepleiarar, politifolk og lærarar, er det eit heilt anna bilete. Her ønskjer 56 prosent å gå av før dei er 67, medan 26 prosent vil gå av når dei når denne alderen, ifølgje ei undersøking. Berre 9 prosent ønskjer å arbeida til dei er 70 og fattige 2 prosent også etter dette.

– I rekkjene våre opplever mange arbeidssituasjonen slik at det handlar om å stå fram til å få full pensjon. Medlemmene våre er ikkje av dei som ivrar etter å stå lenger, fordi dei rett og slett ikkje maktar det, seier Unio-leiar Anders Folkestad.