– Skal vi kaste oss inn i ei oljenæring på veg inn i ettermiddagssola, eller skl vi finne på noko nytt?

Venstres listetopp i Sogn og Fjordane, Gunhild Berge Stang, spør om ein bør oppmode ungdom til å utdanne seg til petroleumsjobbar.

– Noko av problematikken i Sogn og Fjordane er at vi kom seint inn i oljealderen. Spørsmålet er om vi no skal vere offensive i ei næring som er på veg inn i ettermiddagssola, eller finne på noko nytt.

Ho trur vi står overfor nokre val.

– Eg er ikkje ueinig i at vi skal ha vår del av oljeeventyret her i fylket, men no kan vi velje om vi vil ha all fokus på siste rest av olje, eller gi bånn gass og vere i forkant av det grøne skiftet, seier ho.

Trur på ei dobling i oljerelatert næring
I Sogn og Fjordane har 4800 personar jobbar som direkte eller indirekte er petroleumsrelaterte. Det utgjer 8 prosent av alle busette sysselsette i fylket, ifølgje Internasjonalt forskningsinstitutt i Stavanger (IRIS).

Nyleg melde lokalavisa Firda at lokale næringslivsaktørar ser ei dobling i oljerelatert næring som realistisk i fylket. I bakgrunnen lurer varselet om at ein tredjedel av dei oppdaga oljereservane, halvparten av gassførekomstane og 80 prosent av kolreservane i verda må verte liggjande, for unngå klimaendringar som kan øydeleggje for mattryggleiken.

Her til lands har både fagrørsla, miljørrørsla, kyrkja og forskarar krevd at bremsene vert sett på i norsk oljeutvinning, og etterlyst 100. 000 klimajobbar.

– Ungdommen er komne lenger
– Når det gjeld grøne arbeidsplassar har vi nokre gode føremoner med den kompetansen vi har i fylket. På industristader som Årdal og Svelgen og i kraftproduksjonen har vi bygd opp nyttig kompetanse, som går an å utvikle vidare, meiner Berge Stang.

LES OGSÅ: Oljedilemmaet i det rike nord

Mest av alt har Venstre-politikaren trua på ungdommen.

– Eg trur mange etablerte vaksne ikkje heilt har oppfatta kor langt det grøne skiftet har kome i ungdommane sine hovud. Dei unge og utålmodige vil kome i gang. Eg trur dei tenkjer lenger fram enn min generasjon.

Difor vil ho vite kva jobbar unge vil ha i fylket.

– Skal ein få politikarane til å ta det grøne skiftet på alvor, er det viktig at ungdommane gjer seg gjeldande, og seier kva arbeidsplassar dei ønsker i framtida. For meg framstår dei grøne næringane som dei mest innovative og framtidsretta. Skal vi skape ein arbeidsmarknad ungdommane vert trekte til, må vi skape ein marknad dei faktisk spør etter.

Svein-Arne Ottesen er dagleg leiar i det fylkeskommunale selskapet Lutelandet utvikling AS. Han trur politikarane må kome sterkare på bana for å få fart på det grøne skiftet. Foto: Tora Hope

Datalagring i gamle gruver
Ap-politikar og ordførar i Fjaler, Arve Helle, meiner Sogn og Fjordane har nokre naturgjevne føremoner i det grøne skiftet.

– Vatn og vind er føremoner vi er nøydde til å utnytte. I tillegg har eg trua på datalagringsplanane i Luster og Nordfjord, seier han.

I Måløy har til dømes den miljøsertifiserte bedrifta LocalHost AS avtale om datalagring med selskapet IBM i gamle Lefdal gruve. Bedrifta har utvikla kjøleteknologi for datalagring der ein brukar sjøvatn til å kjøle ned serverparken. Ifølgje IBM gjer teknologien at lagringa vert kring 30 prosent meir energieffektiv enn ved noko anna datasenter i Norden.

Datalagring er ein marknad i vekst, ettersom datamengdene i verda vert dobla kvar 18. månad. Kring tre prosent av det globale energiforbruket kjem i dag av nettbruk. Tradisjonelle serverparkar brukar store mengder straum til å kjøle ned maskiner, ofte basert på kol.

Eit problem Ap-politikar Helle løftar fram, er at Sogn og Fjordane i stor grad eksporterer energi.

– Vi sender straum ut av fylket. Med det får vi ganske mykje inntekter, men få arbeidsplassar. Forhåpentlegvis kan satstinga på industri og vindkraft på Lutelandet skape fleire arbeidsplassar. Sogn og Fjordane fekk lite ute av oljeeventyret, men kanskje kan vi få desto meir ut av oppryddinga, seier han.

Planane om datalagring i Lefdal gruve i Måløy kan vere døme på grøne levevegar, meiner Fjaler-ordførar Arve Helle (Ap). Foto: Pressefoto.

Vil ha politikarane på bana
Svein–Arne Ottesen i Lutelandet utvikling AS er einig i at ressursane i fylket er viktige i klimasamanheng.

– Vi kan ikkje redde verda i Sogn og Fjordane, men vi kan gjere litt. Her kan vi utnytte dei

fornybare ressursane vi har, som fjordvarme, vind og vatn. Hadde ein funne måtar å foredle desse ressursane på til noko samfunnet treng, så kan ein bidra. Men det må heile tida vegast opp mot andre miljøspørsmål.

LES OGSÅ: – Gullkysten kan vere ein klimaspydspiss

Han trur industri som er avhengig av elektrisk kraft vil vere bra i eit klimaperspektiv.

– Silisium frå Svelgen som er produsert med fornybar energi er til dømes god klimapolitikk, meiner han.

Ottesen meiner samstundes at politikarane må kome sterkare på bana for å finne nye levevegar.

– Korkje parti eller næringsliv er veldig interessert, det er heller nokre få idealistar som er opptekne av dette. Pengane kjem ofte først, seier han.

Difor er fornybar energi populært så lenge oljeprisen er låg, men om prisen stig misser mange interessa, trur han.

– Ikkje lag standardløysingar
Leiar i Eid Naturvernforbund og æresmedlem i fylkeslaget, Thorleif Jacobsen, tenkjer særleg på landbruket som ein arena for grøne arbeidsplassar.

– Vi har eit fantastisk landbruk som er unikt i landssamanheng. Dersom ein gjer meir foredling, både i landbruk og fiskenæringa her i fylket, så kunne ein ha skapt grøne arbeidsplassar. Vi har også eit flott landskap, som ein kan utnytte meir i turistnæringa. Ein kan tenkje seg hjortesafariar, til dømes, føreslår han.

Vindkraft er greit enkelte plassar, men ikkje i særprega kystlandskap, meiner han.

– Også når det gjeld vasskraft må ein sjå kvar elv og kvart vassdrag for seg sjølve. Dei har alle unike biologiske samansettingar. Difor må ein gjere djupe analysar i kvart tilfelle, og ikkje lage standardløysingar.

Naturvernaren trekk fram Nordic Mining sine planar om deponi i Førdefjorden som eit døme på noko som ikkje er ein grøn arbeidsplass.

– Det er ein dårleg måte å profilere Sogn og Fjordane på, seier han.

LES OGSÅ: CO2 forsurar livet til havdyra

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

Kommentarar

ANNONSE