Forskarar frå NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) og eit utval av norske bryggeri er i desse dagane i gang med å prøva ut norske sortar av korn, humla og urter i ølproduksjonen. Målet er å kunne brygga eit heilnorsk øl frå A til Å.

– Vi har fått mange førespurnader om brygging og malting. Både dei store bryggeria, mikrobryggeria og heimebryggarar etterlyser råstoff med lokal tilknyting og historie. I dag er dette vanskeleg å skaffa fordi nesten alt råstoffet vert importert. Difor ville vi gjerne arbeida saman med bransjen for å få ny kunnskap om korleis ein kan produsera og bruka norske råvarer. Og sikra at dei får god nok kvalitet, seier Ragnar Eltun, forskings- og avdelingsleiar ved NIBIO si avdeling på Løken i Valdres i ein artikkel frå NIBIO.

LES OGSÅ: Lagar britisk øl på nynorsk: – Det er sexy

Ikkje vore tilgjengeleg sidan 1980-talet
Dei skriv vidare at eit auka fokus på kortreist mat og drikke og kunnskap om råvara sitt opphav, gjer at mange bryggeri i Noreg no gjerne vil ha norske råvarer for å produsera tradisjonsrikt øl med lokal tilknyting, historie og smak.  Det har likevel ikkje vore mogleg å oppdriva norske råvarer som malt til ølbrygging sidan 1980-talet, med unntak av i nokre miljø i Trøndelag og på Vestlandet. Også kunnskapane om malting er i ferd med å smuldra bort her i landet. Det same gjeld for dyrking av humle og bruk av norske urter som smakstilsetting i ølet.

16 større og mindre bryggeri tek del i prosjektet – mellom anna mikrobryggeriet Nøgne Ø og storprodusentane Ringnes, Mack og Aass. 

LES OGSÅ: Humla godt øl til Festidalen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE