Åtvarar mot kommersialisering av utdanning

Ranghild Lied, leiar i Utdanningsforbundet, fryktar at privatutdanning i fattige land kan bli dyrt for dei fattigaste.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar privatutdanning

I eit intervju med Utdanningsnytt fortel Lied at ho er bekymra for utviklinga i utdanninga på verdsbasis.

– Kommersialisering av utdanning vil, på sikt, føra til deprofesjonalisering og mindre merksemd på kvalitet i utdanninga for alle barn og unge, seier Lied.

Ho tek opp bekymringa si i høve med den internasjonale samlinga av lærartillitsvalde som no samlast i Ottawa for å legga utdanningsplanar for dei kommande åra. På konferansen er hovudfokuset kvalitet i utdanninga, og Ragnhild Lied ser store utfordringa i tida som kjem. Størst av dei er kommersialiseringa av utdanninga.

– Etter mi meining er kommersialisering av utdanning den største trusselen me som lærarar står overfor globalt. Privatisering av utdanning i fattige land, eller såkalla «low fee private schools» er dyrt for dei fattigaste. Ei avgift på ein dollar om dagen fører til at familiar i beste fall berre sender eit av barna sine, som regel ein gut, på skulen, seier Lied til Utdanningsnytt.

LES OGSÅ: Skipa dotterselskap i Kenya etter bistandtur