Kunnskapsministeren kallar inn til krisemøte om vald og truslar

Talet på lærarar som seier dei har vore utsette for vald og truslar dei siste åra har skote i vêret. Kunnskapsministeren varslar krisemøte.

NPK-NTB
Publisert

Sju av ti lærarar svarer at dei har opplevd å bli trua eller trakasserte siste det siste året i ei NRK-undersøking gjennomført av Respons Analyse. Det er over ei dobling sidan 2018.

I 2018 svarte 65 prosent av dei spurde at dei ikkje hadde vorte trua eller trakasserte, i år var talet nede i 28 prosent.

– Det er eit symptom på mange ting. Det er forhold både i skulen og utanfor skulen, og vi må jobbe langs fleire spor for å snu den utviklinga, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) til NRK.

Ho seier ho har kalla inn til eit krisemøte der dei skal «snu alle steinar» for å stoppe den aukande trenden.

– Det har gått frå vondt til verre. Utviklinga er veldig negativ og urovekkjande. Dette er ein situasjon vi ikkje kan leve med lenger, seier leiar i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll, til kanalen.

Undersøkinga er gjennomført hos lærarar i grunnskulen. Det er særleg yngre lærarar for dei yngste barna som oppgir at dei er hyppigare utsette for fysisk skade og vald.