På Høgskolen i Nord-Trøndelag vil dei finne ut om korsong kan bli brukt som ein del av behandlinga mot psykiske plager.

– Det vi er interessert i å finne ut er om korsong som aktivitet, kan vere ein alternativ behandlingsmåte for folk med psykiske helseplager, ved sida av samtaleterapi, seier Grete Daling, høgskulelektor i musikk i ein artikkel skulen har publisert på forskning.no.

– I Norden og i Noreg er det forska lite på dette med verknadene av tilrettelagde kortiltak for folk som har psykiske helseplager. Det er det som gjer dette så spennande, seier Arve Almvik, førstelektor i psykisk helsearbeid.

LES OGSÅ: Norden kartlegg psykisk helse blant unge

Fokusintervju
Som ei ledd i forskinga har dei i tre månader gjennomført korprosjektet «Syng deg friskere». Forskinga vil undersøkje kva korsong kan bety for mestring og sosialt tilhøyrsle for personar med psykiske helseplager. Her får deltakarane kyndig rettleiing i stemme- og pusteteknikk gjennom songøvingar kvar veke.

– Vi er overtydd om at musikk og song er bra for kropp og sjel. Det er fleire sider ved dette. Både den fysiske delen der du får kontakt med indre muskulatur. Men òg mentalt gjennom at du finn ro og glede gjennom å jobbe med musikk saman med andre, seier Daling.

For å belyse kva kordeltakinga har for meistring og sosial tilhøyrsle både under øvingane og kvardagslivet, har dei gjennomført fokusgruppeintervju for fleire av deltakarane. Prosjektet tek sikte på å vere i mål i 2016.

LES OGSÅ: Studentar risikerer langvarig stress

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02
ANNONSE