Rekordmange får tilbod om lærarutdanning

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er fleire søkarar enn nokon gong som har fått tilbod om studieplass ved grunnskulelærar- og lektorutdanningane. Også barnehagelærarutdanninga aukar frå i fjor. Det syner tal frå Samordna Opptak.

– Dette er gledeleg. Regjeringa satsar på skule og barnehage. Lærarane er avgjerande for at vi skal lukkast med denne satsinga. Det er stort behov for fleire lærarar med god kompetanse i skule og barnehage, og regjeringa satsar difor på å utdanna fleire lærarar, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

LES OGSÅ: Vil ha tynnare lærarplan

Fleire vil verte barnehagelærar
Til saman har 3930 søkarar fått tilbod om studieplass ved grunnskulelærar-utdanninga for trinn 1-7 og trinn 5-10 . Det er ein auke på 10,5 prosent.  5-årig lektorutdanning har hatt ein auke i både søking og opptak i fleire år.  I år er det totalt 1530 søkarar som har fått tilbod om lektorutdanning. Dette er ein auke på 9,8 prosent samanlikna med i fjor.  Det er òg ein auke for opptaket til barnehagelærarutdanninga. Det er sendt ut tilbod om studieplass til 3435 søkarar. Det er ein auke på 5,9 prosent frå i fjor.

– Eg er glad for at fleire ynskjer å verta barnehagelærarar. Regjeringa ynskjer å styrkja kvaliteten i barnehagane og då er det avgjerande med kvalifiserte og kompetente pedagogar, seier Røe Isaksen i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Røe Isaksen vil halvere talet på høgskular i Noreg

4,8 prosent auke frå i fjor
Tal frå Samordna opptak viser at om lag 106.000 av dei 127.000 som søkte er kvalifiserte for opptak til minst eitt studium. Totalt har 89.000 kvalifiserte søkarar no fått tilbod om studieplass gjennom SO. Det er sendt ut 4100 fleire tilbod enn på same tid i fjor. Det er ein auke på 4,8 prosent.