Vindkraft ga straum til heile Danmark

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

The Guardian skriv om den danske satsinga på vindkraft, som fekk ein kraftig dytt frå ein vindfull dag sist torsdag. Det var så kraftig vind i Danmark at opptil 140 prosent av det nasjonale straumbehovet vart dekka av vindkraft åleine, skriv The Guardian. Den straumen som ikkje vart brukt i Danmark, vart delt mellom Noreg, Tyskland og Sverige.

– Dette viser at ei verd som er 100 prosent driven av fornybar energi ikkje er ein fantasi. Fornybar energi kan vera løysinga for avkarbonisering, med trygg tilførsel også i periodar med auka etterspurnad. Oliver Joy, ein talsmann for  European Wind Energy Association.

LES OGSÅ: Produksjonsrekord av vindkraft i fjor

Danmark har sett eit mål om å produsera nok straum til heile landet med fornybare kjelder innan 2020. Det målet kan vera mogleg å treffa før den tid, mykje grunna styrkinga av vindkraft dei siste åra.