CO2 forsurar livet til havdyra

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Resultata frå 2014 viser ein generell nedgang i pH-verdiane i dei overvaka havområda fordi hava tek opp meir karbondioksid (CO2), som gjer at konsentrasjonen av karbonat synk. Det kan skape problem for dyr som treng karbonat for å danne kalkskjelett, seier seksjonsleiar Eva Degré i Miljødirektoratet i ei pressemelding.

pH-nivået og karbonatinnhald i sjøvatn vert påverka av eit komplekst samspel mellom aukande opptak av CO2 frå atmosfæren, biologisk aktivitet, issmelting og innstrøyming av sjøvatn frå andre havområde.

Oppsiktsvekkande endring
Forskarane bak målingane seier at endringane i karbonatnivåa i Skagerrak frå 2012 til 2014 er oppsiktsvekkande store. Endringane kan i tillegg til auka opptak av CO2, skuldast tilførsel av vassmengder med lågt karbonatinnhald, på grunn av auka avrenning frå land, meir brakkvatn frå Østersjøen og auka innstrøyming av eldre djupvatn frå Nordsjøen.

Kan gi fråvær av grupper i økosystemet
Havforsuring er alvorleg fordi det kan gjere det vanskeleg for organismar å danne kalkskjell. Ein fryktar at kalkdannande organismar og andre organismar i sårbare livsfasar, som egg og larver, vil dø som følgje av forsuringa. Fråvær av enkelte grupper i økosystemet vil kunne føre til ubalanse i artsmangfaldet, som igjen kan føre til store økologiske og økonomiske konsekvensar, mellom anna tapte fiskeriressursar.

Mest utsett i nord
Dei nordlige og arktiske havområda er spesielt utsett for havforsuring. Endringane i desse havområda er større og raskare enn dei vi ser globalt. Den viktigaste årsaka til dette er at disse vassmassane har teke opp mykje menneskeskapt karbon på vegen nordover.