Næringslivsleiar Hege Økland drøymer om eit sørvestland i spissen av det grøne skiftet. Men då må politikarar og næringsliv kjenne si vitjingstid.

Faktaboks

I fjor vart næringslivsklynga Maritime CleanTech inkludert i det gode selskap av dei mest dynamiske og vekstkraftige næringslivsklyngene i Noreg, då dei var tildelt status som Norwegian Centre of Expertise (NCE) av Innovasjon Noreg. Dagleg leiar Hege Økland utfordrar politikarar og næringsliv på sørvestlandet til å ta del i den grøne omstillinga.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Vi kan ikkje isolere oss her på gullkysten og tenkje at klimaendringane vil gå over av seg sjølve. Vi har folka, kompetansen og pengane og dermed dei beste føresetnadane for å verte mykje meir klimavenlege i heile verdikjeda, slår Hege Økland fast.

Ho er dagleg leiar i den Stord-baserte næringsklynga NCE Maritime CleanTech, som arbeider for meir miljø- og klimavenlege maritime løysingar. Økland kallar sørvestlandet ei gullgruve av kompetanse, og meiner regionen kan leie an i møte med klimaendringane.

LES OGSÅ: «Shit, det kjem til å skje»

Utfordrar næringsliv og politikarar
Då vi møter Økland er det berre dagar sidan bedrifta Kværner har vunne ein avgjerande milliardkontrakt for Johan Sverdrup-plattforma, og heile Sunnhordland verkar å feire med kake og flagg.

– Kværner er bokstavleg tala ei hjørnesteinsbedrift, og spinoff-effektane i vårt samfunn er store. Utan kontrakten kunne det ha gått ille for dei andre bedriftene på Stord også. No utfordrar vi Kværner til å arbeide energieffektivt og redusere det totalte energifotavtrykket til verftet. Potensialet for å få ned utsleppa i produksjonen er stort, seier Økland.

LES OGSÅ: – Dårleg debattklima om klima

I tillegg utfordrar ho både politikarar og næringsliv til å tenkje på kva Stord skal leva av i framtida. For kva er livet etter Sverdrup-kontrakten?

Sjølv meiner ho eit grønt skifte ikkje treng å handle om å finne opp hjulet på nytt.

– Vi må ikkje verte for dogmatiske, korkje i miljørørsla eller i fossil industri. Eg trur det er viktig å ikkje dømme industrien nord og ned, men heller byggje bru mellom fossil og fornybar energi på veg mot nullutsleppssamfunnet.

I olje- og gassindustrien finst der mykje kompetanse som vi kan ta med vidare, meiner Økland. 

– Vi kan tøffe farvatn og arbeid i djupet. At olje, som er ein så verdifull ressurs, berre skal verte brent opp, er kortsiktig. Der finst mange andre alternative bruksområde, som plast, medisinske produkt eller innan overflatebehandling.

Treng modigare politikarar
Økland vil ha handling. Polikarar som kjem med tomme flosklar bidreg til handlingslamming hjå folk flest, trur ho.

– Berekraft er eit forslitt omgrep, som mange smykkar seg med. Ei stor utfordring er at politikarane prioriterer kortsiktige interesser som kan sikre attval. Eg er ikkje ute etter å svartmåle politikarane og vi har mange gode samarbeid, men politisk leiarskap er svært viktig for å redusere utsleppa. Vi treng modigare politikarar, som torer å ta tilsynelatande upopulære avgjersler.

LES OGSÅ: Ho vil ut av fortida

Ho vil ha strengare miljøkrav til industri og ho vil at staten skal bruke rolla som ein stor vareeigar meir aktivt, til dømes ved å flytte varetransport til meir miljøvenlege flåtar.

– Ein kunne stilt strengare krav til verftet her med omsyn til å velja meir energieffektive løysingar, til Statoil og til andre aktørar. Vi kan ikkje halde fram som før.

Lågutsleppsamfunnet kjem ikkje over natta, men prosessen kan gå langt raskare enn no.

– Kan vere først og smartast
Om sørvestlandet skal verte ein spydspiss i ei grøn omstilling, må ein kome i gang. Då er det viktig med leiarar som har ambisjonar om å vere med i det grøne skiftet, meiner Økland.

Vi kan bruke kompetansen på tvers av næringslivet for å finne alternativ og betre løysingar. Ved å samarbeide betre i regionen kan vi finne løysingar i verdsklassen. Vi kan vere først og smartast. Det kan setje oss på kartet, men då må vi kjenne vår vitjingstid. Internasjonale og nasjonale konkurrentar pustar oss i nakken.

Vårteikn på endring
Sjølv er Økland både profesjonelt og personleg engasjert i klimaendringane og følgjene dette har for utrydding av dyreartar. Ho fortel om heimgarden på Rommetveit, der vipene har vore eit sikkert vårteikn så lenge ho kan hugse.

– I år såg eg berre éi vipe. Det kan skuldast at områda der dei overvintrar i Nord-Afrika er truga av klimaendringane og desse fuglane er raudlista. For meg er det eit konkret symbol på at noko ikkje er som det skal vere.

Når det gjeld klimaendringane er noko veldig nærme, medan andre ting er langt vekke, meiner ho.

LES OGSÅ: «Pausen i global oppvarming»

– Eg har tre born og eg lurer på kva framtid dei kjem til å oppleve, med færre dyreartar, annleis vêr, og kanskje redusert livskvalitet. Og det er dei egoistiske grunnane til at eg er uroa. Konsekvensane er jo langt større for menneske andre stader, som på Stillehavsøyer truga av havstiging.

Økland har ei sterk tru på at det å ta omsyn til klimaendringane ikkje inneber å redusere levestandarden.

– Eg trur heller det vil tyde at vi lever smartare. Då eg nyleg køyrde min nye elbil, tenkte eg for meg sjølv at eg køyrer ein betre bil, med rein energi, lågare utgifter og ei betre brukaroppleving. Kanskje må eg planleggje litt meir enn før, men den totale opplevinga er betre enn før.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02
ANNONSE