Blir du sett på som ein surpomp fordi du alltid seier nei? No har det kome ein forskingsrapport som kan forklare oppførselen din.

Forskning.no skriv nemleg om ei ny studie som syner at vi er naturleg programmert til å seie nei. Det fins nemleg ei gruppe nerveceller som heiter D1R som sender ein ja-kommando og ei rivaliserande gruppe, D2R, som sender nei-kommandoar.

– Disse to gruppene av hjerneceller er kopla slik at dei hemmar kvarandre, og vår forsking viser at nei-cellene hemmar ja-cellene meir enn omvendt, seier Arvind Kumar. Han er forskar ved Kungliga Tekniska högskolan i Stockholm.

Kan endre åtferd
Men før du no anlegg sinnarynke permanent i panna og trur du kan kome frå det utan problem. Det fins grep du kan ta for å bli meir positiv. Du kan til dømes drikke, ligge rundt eller ete sjokolade i positivitetens namn, les: tilføre kroppen dopamin – eit stoff som produserast i hjernen. Eit høgt nivå av dopamin gir ein følelse av glede og velvære.

– Det ser ut til at dopamin gjer D1R-cellene meir aktive. Så eit høgare nivå av dopamin gjer det meir sannsynlig at vi tek ei ja-avgjersle. Vi veit allereie at bruk av substansar kan påverke beslutningsprosessane våre, men vår forsking kan bidra til å forklare korleis dette skjer, seier Kumar til forskning.no

Betre kunnskap om hjernesjukdommar
Forskning.no skriv at cellene som seier nei, D2R, normalt sett dominerer i dei basale hjernekjernane. Dei er ansamlingar av nerveceller som ligg djupt i begge hjernehalvdelane. Hjernekjernane spelar ei avgjerande rolle når vi skal ta avgjersler. Ja-cellene kan berre dominere om dei blir ekstra mye stimulert, forklarer Kumar. Han fortel at beslutningsterskelen vår skapast av den hemmande koplinga mellom dei to gruppene av hjerneceller, seier Kumar.

Forskarane hevder at resultata kastar nytt lys over kognitive problem knytt til forstyrringar i dei basale hjernekjernane, som Parkinsons og Tourettes.

– Menneske med Parkinsons har lite dopamin, noko som betyr at D2R-cellene er meir aktive. Det gjer at dei kan ha større sjanse for å blokkere vala sine, og at dei kan trenge veldig sterk motivasjon for å ta ei avgjersle, seier Kumar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

Kommentarar

ANNONSE