Internett er splitta – kva farge har denne kjolen?

Ein krig har blitt starta på Internett, og folket er delt på midten – for er denne kjolen svart og blå, eller kvit og gull?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva farge har denne kjolen?

Ein kjole har rive Internett i fillebittar – for kva fargar er det eigentleg på denne kjolen?

Der nokon ser gull og kvit, ser andre svart og blå – og det ser ikkje ut til at me kjem til å bli einige med det første.

Kva ser du?

LES OGSÅ: No kjem MacGyver tilbake som kvinne

Krigen eskalerer
Biletet av kjolen vart lagt ut på Tumblr i går av brukaren Swiked, og skapte umiddelbart ei splitting mellom dei som såg det.

Caitlin McNeill, som la ut biletet, seier til Business Insider at ho tok biletet i eit bryllaup ho var i, og at ingen klarde å bli einige om kva farge kjolen hadde då dei såg biletet.

Over natta har fleire av våre viktigaste profilar kasta seg inn i debatten.

 

LES OGSÅ: Dette gjer du på nettet

Det endelege svaret?
Fleire har også prøvd å gå vitskapleg til verks for å finna ut kva farge kjolen eigentleg har.

Wired har prøvd å forklara kvifor me ser ulike fargar, og meiner at auga dine prøver å korrigera for sollyset.

– Det handlar om primitiv biologi og måten menneskjelege auger og hjernen har utvikla seg til å sjå farge i ei verd med sollys, skriv journalisten Adam Rogers. Du kan lesa heile forklaringa hans her.

Det er med andre ord påverka av sollyset rundt kjolen meir enn kjolen sjølv – den optiske illusjonen er greitt illustrert slik av teikneserien XKCD:

Han konkluderer med at kjolen faktisk er blå og svart – noko også Buzzfeed konkluderer med, etter å ha funne det dei meiner er den same kjolen i ein nettbutikk.

Men det er ikkje så viktig. Det som betyr noko no er korleis Internett skal samla seg igjen etter denne konflikten.

LES OGSÅ: Skreddarsydd Internett