– Vi kan ikkje ta frå nokon statsborgarskapet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kritisk til å ta passet

I fjor uttalte Horne at ei slik lov ville vera «et sterkt signal til mennesker som ønsker å delta i terrorvirksomhet og krigføring». Tidlegare i år fekk ho ei utgreiing frå jussprofessor Benedikte Høgberg som no har vore ute på høyring.

Men ikkje alle er samde med Horne i at ei slik lov vil ha nokon særleg verknad, skriv Dagsavisen.

I høyringssvaret sitt skriv Oslo statsadvokatembete at dei tvilar sterkt på at ei slik lov er formålstenleg, og statsadvokat Lasse Qvigstad seier internasjonale konvensjonar set strenge grenser for når ein kan ta frå nokon statsborgarskapet.

– Vi kan ikkje ta frå nokon statsborgarskapet viss dei ikkje har eit anna i tillegg, og det er ikkje så vanleg, seier Qvigstad. Ingen kan gjerast statslause.

LES OGSÅ: Framandkrigar er årets ord

I utgreiinga blir det rådd til å opna for å ta passet frå framandkrigarar, men berre viss personen har gjort dokumenterte krigslovbrot og har dobbelt statsborgarskap.

Qvigstad seier at ei slik lov ville ha liten allmennpreventiv effekt, og i høyringssvaret blir det vist til Danmark som har ei slik lov, men der berre to saker har vore førte for retten, og ingen av dei førte til domfelling.

Lars Gule, som forskar på terror ved Høgskolen i Oslo, meiner forslaget ikkje er anna enn uttrykk for moralsk panikk og desperasjon.

– Den preventive effekten vil klart vera minimal, og skadeeffekten vil vera potensielt større. Det er liten grunn til å tru at dette vil hindra nokon som er sterkt ideologisk overbevist i å reisa til Syria og kjempa for IS, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: Are Kalvø: Fortener du statsborgarskapet ditt?