PST fryktar ideologisk motivert skuleskyting i Noreg
Dagen etter skuleskytinga i Sverige slo Politiets tryggingsteneste (PST) fast at det er fare for liknande hendingar i Noreg.
![](https://framtida.no/wp-content/uploads/2023/11/NPK-160x160.png)
Elleve personar vart drepne i skuleskytinga i Örebro i Sverige tysdag. Den mistenkte gjerningsmannen, 35 år gamle Rickard Andersson, er blant dei døde.
Svensk politi meiner gjerningsmannen ikkje hadde eit ideologisk motiv. Men i Noreg er PST bekymra for at skuleskytingar ofte kan vere ideologisk funderte.
– Det er eit fenomen vi har hatt fokus på dei siste åra. Vi ser at skuleskytingar i utlandet er knytt til ein eller anna form for ekstrem ideologi, seier Lars Lilleby, sjef for kontraterror i PST.
PST har gjennomført fleire møte med skuleleiarar og styresmakter i haust.
– Vi har hatt møte med kunnskapsministeren og Kunnskapsdepartementet, for å kunne førebyggje denne typen hendingar, seier Lilleby og held fram:
– Ein må snakke om dette og utfordringane som er med radikalisering og ekstremisme i klasserommet.
For å drive effektiv førebygging treng PST hjelp frå lærarar, foreldre og andre som jobbar med barn og unge. Lilleby understrekar at det er avgjerande å varsle viss ein mistenkjer at noko er gale:
– Vi avhengig av at nokon varslar oss. Dette er ei felles samfunnsansvar.