Om klimaendringar – og rosa fly

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Born om klimaendringane

Forteljingane flyg raskt frå klimaendringar til romskip, løver, tigrar og rosa fly i Fitjarstølane barnehage. Eldrid (6), Sebastian (5,5), Tori (5,5) og Nora (5,5) plar ikkje få lov å koma inn på dei vaksne sitt pauserom. I dag har likevel dei fire innteke vaksensofaen, for å fortelja kva dei kan og meiner om ulike klimatiltak.

Må vere snille med miljøet
I sommar skal Framtida.no dekkja klimaendringane frå lokale perspektiv. Me opnar satsinga med å spørja kva dei yngste tenkjer om det statsminister Erna Solberg har kalla «vår tids største utfordring».

Klimaendringane er komplekse og ikkje alltid like enkle å forstå. Éin ting er dei fire i sofaen likevel einige om:

– Me må vera snille med miljøet.

Det er Nora som seier det, medan dei andre nikkar samtykkande.

– Mamma seier at bensin ikkje er så bra for jorda, og difor er det veldig lurt å bruka elbil for dei som har det, held ho fram.

Ifølgje Miljøstatus har ho rett i det. Transport står nemleg for 32 prosent av dei samla klimagassutsleppa i Noreg og vegtrafikk er blant dei største utsleppskjeldene.

LES OGSÅ: Den andre grøne revolusjonen: Menneske og mold først

F.v. Eldrid (6), Sebastian, Tori og Nora (alle 5,5 år)
F.v. Eldrid (6 år), Sebastian, Tori og Nora (alle 5,5 år) har ei lita vindmølle, men fortel at dei ekte er betydeleg større. 

Vindmøllene er større enn ein trur
Sjølv om dei kanskje ikkje har tenkt på det sjølv, går dei i barnehage rett ved noko av det som av mange vert løfta fram som det viktigaste klimatiltaket, nemleg ei satsing på fornybar energi.

– Eg har vore der oppe, og då såg eg vindmøllene, fortel Tori og peikar opp mot fjella bak barnehagen. Der snurrar 44 vindmøller med vindane.

Dei fortel at dei har vore på tur til vindmøllene med barnehagen.

– Me prøvde å lage ein stor ring for å rekkja rundt vindmøllene, men det klara me ikkje. Her nede frå ser dei kjempesmå ut, men dei var skikkeleg store. Før når eg og bestemor og bestefar såg dei herifrå, så trudde eg at bestefar var nesten like stor som vindmølla, men det var han ikkje, seier Sebastian.

Eldrid fortel at ho kjenner ei som nesten fekk is på seg frå vindmøllene.

– Vindmøllene lagar for mykje bråk, syns eg. Men dei er bra fordi dei snurrar rundt og lagar straum. Den kan vi bruke til å sjå på tv, køyre bil og få lys. Utan verkar ikkje lyset, og då kan vi ikkje sjå, held ho fram.

– Utan straum måtte me ha kokt maten vår på bål, for brann går ikkje på straum, seier Nora.

LES OGSÅ: Fossil skulekvardag på Tøyen

Osbadet eller Syden?
Klimaendringane kan også stilla nye krav til vanene våre. Nordmenn ligg i Europatoppen når det gjeld kor mykje me flyr og miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender er blant dei som meiner at me bør fly mindre.

Alle i sofaen i barnehagen har vore ute og flydd.

– Eg har flydd til Syden og Lanzarote, fortel til dømes Sebastian.

– Det er tryggare å fly enn å køyra bil, seier Eldrid.

– Er det dumt viss me må fly mindre?

– Neida. Eg likar meg heime for då kan eg køyre til Synningo og det er ikkje så langt, seier Nora.

– Me køyrer nesten alltid til Voss. Av og til går me tur og så står me på ski når heisane går, seier Sebastian.

– Det er like kjekt å reisa på ferie utan fly. Eg syns det er like kjekt å reisa til Osbadet og til Syden, seier Eldrid.

Tori og Nora kan ikkje tenkje seg å ete slikkepinn med maur i.
Tori og Nora (begge 5,5 år) kunne ikkje tenkje seg å ete maur, men tykkjer maurslikkepinnen ser morosam ut. 

Maur til middag
Ein annan faktor som har blitt løfta fram som ein klimasyndar, er kjøtforbruket vårt. Professor i mattryggleik Tim Lang, er blant dei som har uttala at Vestens etevanar er «ein katastrofe for miljøet og helsa». Likeins har FNs organisasjon for ernæring og landbruk slått fast at eit klima- og miljøvenleg kjøtforbruk er å ete mindre kjøt.

Korkje Sebastian, Eldrid, Tori eller Nora tykkjer det er noko dårleg forslag.

– Det er ikkje noko problem, uttalar dei samstemt.

– Eg har prøvd før å vere vegetarianar faktisk, men det var skikkeleg vanskeleg. Eg var det i eit par veker eller noko sånt, men så slutta eg å prøva. No et eg berre litt lite kjøt. Eg sakna pølse og kjøtdeig litt, kanskje. Eg prøvde fordi eg likar dyr så godt, seier Nora, som bur på ein bondegard med katt, høne, kyr og kanin.

LES OGSÅ: Nei til kostbar matkasting

Eldrid bur også på ein gard med mange dyr, medan Tori fortel at ho har ein kattunge. Sebastian har fått ei ku av Nora, men den må bu hos Nora.

– Men veit du kva, Sebastian? No har me sloppe ut kua så den kan kosa seg. Er ikkje det fint? seier ho.

Dei er altså glade i dyr. Kanskje kan det då vere ein ide å lytte til FNs matvareorganisasjon (FAO). I ein rapport frå 2013 føreslår organisasjonen å auka konsumet og oppdrett av insektfôr for å mette verdas raskt veksande befolkning. Nyleg stod insekt på menyen i Mathallen i Oslo, og me syner ein slikkepinn med maur i til dei fire i barnehagen.

Nei, æsj! Ein maurslikkepinn! seier Sebastian.

Tori er ikkje like skeptisk.

– Det går an å eta maur. Eg har smakt ein maur. Den var sur, fortel ho.

– Smelta du den? lurer Sebastian på.

– Nei, seier Tori.

– Eg er redd for hestemaur, skyt Nora inn.

– Pølse er betre enn maur, trur Sebastian.

Fitjarstølane barnehage
Nora og Tori trivst godt ute i leikestativa.

Forbode å kaste bos
I barnehagesofaen er sortering og det å ikkje forsøple eit viktig tema.

– Naturen kan bli øydelagt av bos. Eg har sett mykje bos i naturen. Det er natursvin som hiv boset, seier Nora.

– Kanskje me kan setja opp eit skilt, der det står at ein ikkje skal kasta bos for å ta vare på miljøet. Eller eit flagg der det står at i Noreg skal ein ikkje kasta bos, seier Sebastian.

– Og så kan ein ta med ein pose og plukka bos, seier Nora.

– Eller ein kan fiksa boset, slik at ein kan bruka det opp att, seier Sebastian.

– Ein kan fiksa flaskene for eksempel, føreslår Eldrid.

– Sorterer dykk boss heime?

– Me må sortera heime. Eg har laga mitt eige bosspann av ei øskje, seier Eldrid.

– Me må sortera flasker, papir, bioavfall og restavfall. Brukte strømpebukser med hol i og tannkostar må i restavfallet, seier Nora.

– Eg har kasta to strømpebukser med hol i, seier Tori.

– Me må sortera slik at det ikkje skal råtne og lukte kjempekkelt, seier Nora.

LES OGSÅ: – Kommunen bør investere i fornybar energi

Råd mot meir regn
Klimaendringane kan føre til våtare og villare vêr. Dei fire i barnehagen kan fortelja at dei har sett flom på tv.

– Eg har sett på tv at det var fullt med vatn og nokre hus hadde dotte ned i vatnet. Dei klarde ikkje køyre bil ein gong, fortel Eldrid.

– Der må det ha regna mykje, seier Sebastian.

Dei er likevel ikkje så uroa for regnet. Når det regnar i barnehagen har dei ei løysing – dei har nemleg ein regnsong.

– Me syng den songen når det regnar og det hjelper alltid. Me syng den ein gong, så ventar me litt og gjer det ein gong til. Av og til syng eg den ni gongar. Då hjelper det i alle fall, forklarar Sebastian.

Og idet vi byrjar snakka om vêret, stemmer dei firstemt i:

Dette er ein regnvêrsang, 
difor må den vere lang.

Sånn at vi kan sitte her, 
til det blir litt betre vêr.

Regn, regn gå din veg. 
Sol, sol, kom til meg!

Eldrid (6) på sykkel
Eldrid (6 år) har både regnklede og regnsong dersom det skulle bli våtare i vêret med klimaendringane.