Fossil skulekvardag på Tøyen
Ved Naturhistorisk museum på Tøyen i Oslo er det vidaregåande-elevane som står for utgravinga av fossil.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den vesle geofag-klassen på Hersleb videregående skole får praktisk røynd med faget sitt framover når dei har fått i oppdrag å grava ut fossil som gøymer seg under plenen i Tøyenparken midt i Oslo.
Tøyenparken ligg oppå eit fossilførande lag som strekkjer seg frå Smestad i Oslo til St. Petersburg i Russland. Dette laget skjuler milliardar av blekksprutfossilar som har lege der i 465 millionar år.
– Det er utruleg morosamt at elevane får vera med på eit ordentleg prosjekt. Slik lærer dei utruleg mykje meir enn i den vanlege geologiundervisninga. Dei lærer korleis forskarar jobbar, seier geofaglærar Johanne Hjelle Nitter ved Hersleb videregående skole.
Saman med elevane sine og eit arbeidslag frå Naturhistorisk museum har ho brukt dei siste skuledagane i parken. Elevane har fjerna jord og buskar, grave fram utgravingsstaden, og gjort dei første funna av blekksprutfossilar.
– Eg har aldri vore med på noko slikt før, dette er første gong. Det er kult at me har vore med på å planleggja heile prosessen, frå førebuingane til utgravinga, seier elev Thea Brander Borgenhov i VG1 ved Hersleb videregående skole.
Resultatet av utgravinga skal bli godt synleg for publikum ved Naturhistorisk museum, og også den delen av geologarbeidet skal elevane vera med på. (©NPK)