Talet på helsesøstrer er på veg opp etter at regjeringa sette av meir pengar til skulehelsetenesta.

NPK-NTB
NPK-NTB

Talet på årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta har auka, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det inkluderer legar og fysioterapeutar, men auken er størst for helsesøstrer. I 2014 vart det registrert ein auke på 157 årsverk, som svarar til 7,2 prosent.

– Vi ser at satsinga på skulehelsetenesta har gitt resultat, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

LES OGSÅ: – Eit lotteri med unge si helse

200 millionar neste år
Året før var det ein nedgang i årsverk på helsestasjonar og skulehelsetenesta samla sett. No kan det sjå ut som utviklinga har snudd.

– Vi trur kommunane vil følgje opp vidare også når dei ser at dette ikkje er ei eingongssatsing, seier Høie.

Regjeringa sette av 270 millionar kroner til helsestasjonar og skulehelseteneste i 2015, og har varsla ein auke på 200 millionar kroner til tenestene i kommuneproposisjonen for neste år.

LES OGSÅ: Halvparten gjekk til helsesøster

Brukte pengar på anna
Landsgruppa av helsesøstrer har tidlegare vist til eksempel på kommunar der pengane er brukt på andre føremål. Det er ikkje ukjent for helseministeren.

– Tala viser at ikkje alle pengane gjekk til fleire stillingar. Men enkelte har påstått at pengane ikkje verka, og desse tala viser klart at dei gjer det, seier Høie. Han meiner det ikkje er grunn til å øyremerke midlar.

– Vi unngår byråkrati som øyremerking medfører. Då må ein søkje om midlar og dokumentere i etterkant. Då ville ein god del ressursar gå med til byråkratiet, seier han.

Til saman auka årsverk på helsestasjonar og i skulehelsetenesta med 112 i 2014. Det har vore ein vekst i talet på helsesøstrer, sjukepleiarar, legar, fysioterapeutar og jordmødrer, medan det var ein nedgang i tilsette med anna fagutdanning. (©NPK)

LES OGSÅ: Ønskjer satsing på skulehelsetenesta

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE