8. juni er dagen for å halda seg rusfri. 100.000 barn i Noreg lir fordi foreldra drikk for mykje.

Det er femte året Rusfri dag blir arrangert. Bak dagen står mellom anna Frelsesarmeen, Juvente, Blå Kors og DNT.

– Me forventar ikkje at folk skal vera totalt avhaldande frå alkohol og andre rusmidlar, men me ber folk om å stoppa opp litt på rusfri dag og tenkjer på dei som slit fordi dei sjølv eller nokon av deira næraste har rusproblem. Ver rusfri denne dagen, oppmodar Knut Haugsvær i Frelsesarmeen, som er initiativtakar til markeringa, i ei pressemelding.

I år fokuserer dagen på arbeidsliv og rus. Ifølgje ei undersøking frå 2013 gjort av Akan Kompetansesenter, som mellom anna jobbar med å førebygga rusproblem i arbeidslivet, har så mykje som ein av fire vore borti situasjonar der ein medarbeidar har hatt problem med rus eller spel i løpet av året som var.

Direktør i Akan, Elisabeth Ege, understrekar at alkohol ikkje er ein privatsak når det går ut over arbeidet, i eit intervju med Frelsesarmeen i høve dagen.

– Mange har nok fått seg ei aha-oppleving når dei har sett resultata. Me høyrer utsegn som: "Førte sommarfesten verkeleg til risikofylte situasjonar på lageret dagen etter? Var det så mange medarbeidarar som opplevde at det gjekk utover familien dagen etter? Me har sett bedrifter redusera tilgangen på alkohol i etterkan, og at det har ført til at fleire blir med på sosiale samlingar fordi dei opplever å bli inkludert på ein heilt annan måte, seier Ege.

Sjå Frelsesarmeen sin promovideo i høve dagen:

LES OGSÅ: Éin av tre selde alkohol til mindreårige

Fleire ambassadørar
Rusfri dag har fått ei lang rekke med ambassadørar til å fremja dagen. Mellom anna tidlegare leiar i Politiets fellesforbund, Arne Johannessen. Han har sjølv hatt opplevingar knytt til rus som har sett spor.

– Eg gløymer ikkje dagen då eg som ung og nyutdanna såg inn i livredde barneauger som nettopp hadde sett far banka mor i fylla. Det gjorde sterkt inntrykk på meg, fortel Johannessen.

Det er på langt nær berre på arbeidsplassen at rus kan bli eit problem. 100 000 barn i Noreg lir fordi foreldra drikk for mykje, opplyser Frelsesarmeen. Samstundes viser ei undersøking frå i fjor gjort av Ipsos MMI for Dagbladet, at seks av ti nordmenn har valt å ikkje gripa inn når dei ser for stort alkoholforbruk framfor mindreårige.

Det talet bekymrar Willy-Tore Mørch, professor i barnepsykologi. Då Dagbladet omtala undersøkinga, meinte han «det sivile barnevernet» burde ta meir ansvar, altså eg og du.

– Ser du at barn lir som følgje av åtferda til foreldra, anten det er på campingplassen, på danskebåten eller i Syden, må du ta affære. Me har alle ei plikt til å melda frå til Barnevernet når me observerer barn som lir, så er det Barnevernet si plikt å undersøka om dette er rett, seier Mørch.

Han trur ei vegring mot å blanda seg inn i andre sitt privatliv er grunnen til at ikkje fleire griper inn.

LES OGSÅ: Få har helsegevinst av alkohol

8 liter rein alkohol
Me drikk mykje. Folkehelseinstituttet kan opplysa om at nordmenn i snitt fekk i seg nær 8 liter rein alkohol i løpet av 2012, og at alkoholforbruket i dag er 40 prosent høgare enn det var tidleg på 90-talet.

Nokre positive tal kan syna at trenden snur seg. Ei undersøking gjort av Folkehelseinstituttet syner at under 30 prosent av ungdom hadde vore synleg berusa i 2012, medan talet var over 45 prosent i 1996. Tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) syner også at alkoholomsetninga gjekk ned per innbyggar i 2014, samanlikna med tidlegare år. Sterkast nedgang var det for sal av brennevin, som har gått ned med 16,8 prosent sidan 2004. Samstundes auka salet av vin med 18,4 prosent i same periode.

Tal frå Folkehelseinstituttet viser at norsk ungdom rusar seg mindre. Graf: Folkehelseinstituttet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE