Norske barn må bli betre til å symje
Norske barn må bli flinkare til å symje, meiner styresmaktene og stiller strengare krav frå hausten av.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Må bli betre til å symje
Utdanningsdirektoratet innfører frå skulestart i år skjerpa krav til symjedugleiken blant barn etter 4. trinn.
Fram til no har det stått i læreplanen at elevane skal «vere trygge i vatn og vere symjedyktige». Om lag 50 prosent av norske tiåringar innfrir ikkje dette kravet, viser undersøkingar frå Norges Svømmeforbund (NSF). Noreg har dessutan ein høgare del av drukningar enn andre land i Norden.
LES OGSÅ: Vil ha nasjonal symjeprøve
Symje 200 meter og dykke
Elevane skal frå no av kunne falle ut på djupt vatn, symje 100 meter på magen og undervegs dykke ned og hente gjenstand med hendene. Deretter skal dei stoppe og kvile i tre minutt medan dei flyt på magen, ruller over og flyt på rygg, før dei sym 100 meter på rygg og tar seg opp på land.
Med krava, som er med i revidert læreplan frå skuleåret 2015, ønskjer direktoratet å styrke symjeopplæring slik at fleire barn og unge lærer å symje.
Norges Svømmeforbund, Norges Livredningsselskap, Noregs idrettshøgskule og Landslaget Fysisk Fostring i skolen har bidratt til arbeidet med den nye definisjonen.
Endringa i kompetansemåla kan leggje betre til rette for ei tidleg, systematisk og kontinuerleg opplæring i symjing, håpar Utdanningsdirektoratet. (©NPK)