Nytt prosjekt skal få fleire til å lika gym
Mange elevar mislikar kroppsøving. Det skal ein ny type gym no prøva å endra på.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kan dette løfte gymgleda?
To vidaregåande skular i Kristiansand testar dette skuleåret ut pilotprosjektet «Kroppsøvingsglede» i staden for tradisjonell kroppsøving.
Det nye gymtilbodet er delt i to: «Rørsleglede» og «Idrettsglede». Skilnaden mellom dei to tilboda er at det første tilbodet har litt lågare krav til teknikk og prestasjonar enn «Idrettsglede», som er meir konkurranseprega.
LES OGSÅ: Tre av ti hatar gym
Meir deltaking
Røynslene med prosjektet så langt er gode.
– Det er litt tidleg å konkludera enno, men tendensen er både klar og gledeleg. Færre elevar i prosjektklassane fekk «ikkje delteke» i kroppsøvingsfaget ved det førre karakteroppgjeret, enn det vi har vore vande med tidlegare på skulen, seier kroppsøvingslærar Ellen Karin Homdal, til Bergens Tidende.
Ho peikar på at elevar som manglar vurdering i kroppsøving heller ikkje får fullført vidaregåande skule, og trur at det nye gymfaget kan vera viktig for å motverka dette.
LES OGSÅ: Lærer meir i andre fag av gym
Positiv minister
Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) er positiv til det nye prosjektet.
– Det viktigaste er ikkje kor mange timar kroppsøving ein har på skulen i veka, men at skulen kan bidra til å skapa varig lyst til å vera i aktivitet, seier statsråden som trur modellen kan inspirera andre skular til å gjera noko liknande. (©NPK)