Vil fjerna svensken frå Finland

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under riksdagsvalet i Finland i går vart det klart at Juha Sipilä frå det finske partiet Centern blir statsminister, medan Maria Lohela frå Sannfinländarna tek rolla som talmann i Riksadagen. Ho blir ikkje valt før i dag, men det er allereie klart at ho tek rolla, skriv den finske avisa HBL.

Ein talmann er ordstyrar i Riksdagen – litt som Stortingspresidenten i Noreg, som for tida er Olemic Thommessen. På mange måtar skal ho leda Riksdagen sitt arbeid, ein posisjon som gir mykje politisk makt.

LES OGSÅ: Finsk språkuvilje

Vil ha ut svensk
Maria Lohela har utmerka seg før. Mellom anna var ho ein av politikarane som skreiv under på «Njugga manifestet», som kom før Riksdagsvalet i 2011 – eit manifest som ifølgje HBL har "främlingsfientligt innehåll".

«Njugga manifestet», eller «Nuiva vaalimanifesti» som det heiter på finsk, kom som eit svar på ein kritisk debatt rundt innvandring i Finland. I manifestet står det at «Finland bør ta avstand frå den nye statsreligionen – framanddyrkinga».

Lohela har også klare meiningar om tospråklegheita i Finland. Ho vil ha ut det svenske språket. Det skriv ho i eit blogginnlegg frå 2010.

– Eg stiller spørsmål om kor naudsynt den obligatoriske skulesvensken er, men også rundt svensken sin posisjon som det andre nasjonalspråket i Finland. Det er på tide å møta realitetane og slå fast at tidene forandrar seg, skriv Lohela, og legg til at grunnane til å innføra svensk som offentleg språk i Finland ikkje har eksistert på fleire tiår.

Ho peikar på den låge delen av svensktalande i Finland som ein av grunnane til å starta med blanke ark.

– Å halda fast på tospråklegheita av berre historiske grunnar er eit haltande resonnement og det er på høg tid å starta med reint bord. I landet vårt er det knappe fem prosent som er svenskspråkleg, og i den største delen av landet finst det ingen som snakkar svensk i det heile, skriv Lohela, og minner om at dei aller fleste svensktalande klarar seg godt på finsk.

LES OGSÅ: Drapstruga for å snakka svensk

Ikkje åleine
I Finland er det obligatorisk med opplæring i både finsk og svensk i grunnskulen – noko som vekkjer reaksjonar.

Vapaa Kielivalinta – som betyr Fritt Språkval – er eit innbyggarinitiativ som vil at elevane sjølv skal få velja om dei vil studera andrespråket. Initiativet fekk 62.000 underskrifter og vart levert til Riksdagen, men innbyggarane bak har ikkje fått viljen sin. Det vart derimot opna for ei forsøksordning med frivillig andrespråk på nokre skular tidlegare i år.

Sannfinländarna, partiet Maria Lohela representerer, er det einaste partiet i Finland som offisielt støttar forslaget om fritt val av andrespråk, men politikarar frå andre parti er også på gli. 

LES OGSÅ: Finske elevar skal framleis lære svensk