Finske elevar skal framleis lære svensk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit stort fleirtal stemte ned forslaget, som var fremma som eit såkalla innbyggjarinitiativ med 50.000 underskrifter.

LES OGSÅ: Finsk språkuvilje – om den merkelege språksituasjonen i Finland

I staden ber riksdagen om ei utgreiing av ei forsøksordning med frivillig svenskundervisning i enkelte område. Det kan særleg bli aktuelt i aust, der enkelte kommunar har bedt om heller å få undervise i russisk.

Statsminister Alexander Stubb, som representerer det konservative Samlingspartiet, seier han aldri har forstått folk som ikkje ønskjer å lære fleire språk. Pirkko Ruohonen-Lerner frå det høgrepopulistiske partiet Sannfinnene meiner på si side at svenskundervisninga står i vegen for at unge lærer andre språk.

– Mange orkar ikkje å lære fleire språk. Svensk trengst berre i kommunar der fleirtalet snakkar svensk. Det er eit frykteleg sløseri, meiner han.

Svensk er obligatorisk for elevar på 7. til 9. trinn i den finske grunnskulen, på vidaregåande og ved yrkesretta universitetsutdanningar. Tilsette i det offentlege må kunne svare på meldingar på både finsk og svensk. (©NPK)

LES OGSÅ: Hallingane vil ha nynorsk i avisa si