Føresette med ungar som vil ha nynorsk på Grinde skule, meiner rektoren trugar andre føresette til å velje vekk målform.

Alf-Einar Kvalavåg, Tysvær Bygdeblad.
Alf-Einar Kvalavåg, Tysvær Bygdeblad.

Saka var først i Tysvær Bygdeblad, og var originalt to saker. Her er den andre.

Grinde skule er ein nynorskskule som snart ikkje har nynorskelevar att. Nå rasar fleire av dei som har ungar i 1. klasse neste år, og skuldar på rektor for at så få har valt nynorsk.
– Me fekk eit innskrivingsbrev i posten kor det var muleg å krysse av for om ein ville ha bokmål eller nynorsk. Det var flest som hadde kryssa av for bokmål då me møttest på skulen for eit innskrivingsmøte. Me veit at det var fleire i salen som var usikre på kva dei ville krysse av på, men etter å ha høyrt på rektor så kryssa dei av på bokmål. I sin tale til oss snakka ho om at det var svært uheldig med små grupper i forhold til mobbing, og om økonomisk gevinst ved berre ei gruppe. Fleire av dei som ikkje hadde bestemt seg blei heilt klart prega av denne talen, seier Margit Aarset.

LES OGSÅ: – Nynorsk er språket mitt

– Eg har ingenting å beklage
Rektor Astri Knudsen Eliassen ved Grinde skule meiner ho ikkje har snakka ned nynorsken ved skulen.

Ho meiner bestemt at den måten saka er handtert på er god nok, og er overraska over at det er ho som nå får skulda for at det berre er tre elevar att som skal ha nynorsk.
– Det blei sendt ut eit brev som dei føresette har kryssa av på. Der var det svært mange svar med bokmål, slik det har vore dei siste fem åra. På det omtala møtet gjekk eg gjennom ein del av ulempene med små grupper, men at eg skal ha snakka ned nynorsk, eller nærast skremt folk til å velje bokmål, er ikkje korrekt, seier Knudsen Eliassen.

LES OGSÅ: – Lærarane er våre fremste ambassadørar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

Kommentarar

ANNONSE