– Nynorsk er språket mitt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg prøver å leva opp til det som var Ivar Aasens utgangspunkt, nemleg å skriva eit språk som ligg tett opp mot talemålet mitt – sjølv om det til tider bryt med ein formell, grammatikalsk regel. Eg verken seier eller skriv «Noreg», men «Norge», seier Zahl, kulturjournalist og kommentator i Stavanger Aftenblad

Zahl flytta til Stavanger og begynte i Aftenbladet i 2007, etter ti år som journalist i Oslo. I hovudstaden vingla og veksla han mellom nynorsk og bokmål, alt etter kor han skreiv. I Dagbladet var det ikkje lov å skriva bokmål, i tidsskriftet Forskerforum, TV2 Interaktiv og – etter kvart – i Dagsavisen, gjekk det fint å variera.

– Eg har ikkje hatt noko problem med å skriva begge målfrmer, sjølv om eg meiner eg skriv best på nynorsk. Ikkje fekk eg negative reaksjonar når eg skreiv på nynorsk i Oslo, heller. Tvert om, seier Zahl.

Første gong Zahl var innom Stavanger Aftenblad, var som sommarvikar på midten av 90-talet, mens han studerte samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

– Sjefen min, Tom Hetland – som sidan skulle bli sjefredaktør og tilsetja meg i avisa – sa at det kunne vera lurt å skriva nynorsk, sidan det er ein måte å skilja seg ut på i den harde konkurransen om journalistjobbane. Det finst jo så mange som skriv bokmål. Det er lettare å skapa seg si eiga stemme og sin eigen identitet om du skriv nynorsk, seier Zahl, som gir dette vidare som eit godt råd til andre som lurer på kva målføre dei skal velja.

LES OGSÅ: Maria Parr er stor i Russland

Enormt stas
– Korleis er det å få Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar?

– Det er enormt stas, rett og slett. Det er ikkje kvardagskost å få telefon om at eg har fått ei slik utmerking for arbeidet mitt. Kjekt at nokon ser og anerkjenner det eg driv med. Så jålete er eg.

Du kjenner det ikkje stigmatiserande å få nynorskprisar?

– Nei, sjølv om det finst mengdevis med presseprisar, er det neimen ikkje mange nynorskprisar journalistar kan få. Det er ei ære å få denne prisen. Eg er smigra av det gode og eksklusive selskapet eg kjem med i.

Kva forhold har du til nynorsk?

– Kvardagsleg og udramatisk. Det er språket mitt. Eg snakkar som eg gjer (frå Bryne på Jæren), og då blir det eit logisk og naturleg val å skriva nynorsk.

Jan Zahl reknar seg ikkje som målaktivist. Han kjenner seg ikkje i noko offerrolle. Men det var rart å kome heim att til Rogaland og få meir reaksjonar på at han skreiv nynorsk i Stavanger Aftenblad enn han fekk då han gjorde det i ulike media i Oslo.

– Det kom nokre kommentarar i starten, tidvis er det dei som meiner det er altfor mykje nynorsk i avisa – og som seier opp abonnementet. Me er ein handfull som skriv nynorsk i avisa, og det er mest skryt å få. Eg trur det er eit slags kompliment når folk seier at dei knapt kjem på at tekstane mine er på nynorsk.

Manglande sjølvtillit?
– Kvifor taper nynorsken terreng i Stavanger og Rogaland?

– Det er vanskeleg å skjøna, sidan talemålet vårt ligg så nært nynorsken og det i sanning høyrest ut som jærbuen har sett ei potet i halsen når han prøver å lesa høgt på bokmål. Kanskje handlar det om manglande språkleg medvit? Kanskje handlar det om rogalendingens prioritering av det praktiske og nyttige, framfor å gå rundt og tenkja på språk, kultur, identitet og intellektuelle spørsmål? Kanskje skuldast det manglande språkleg sjølvtillit? Eg veit ikkje.

Få, om nokon, brukar dialekta si så høglytt og godt som rogalendingen?

– Ja, rogalendingen er veldig stolt av dialekta si, og brukar språket som ein viktig markør, både for kor han kjem frå, men også i opposisjon til Oslo. Men så skriv altså stadig fleire på bokmål. Særleg logisk er det ikkje.

LES OGSÅ: Nynorskstipend til filmdistributør

Kjenner seg heime i tvisynet
I juryen si grunngjeving for å gje nynorskprisen for journalistar til Jan Zahl seier dei at Zahl står i tvisyn-tradisjonen etter Aasmund Olavsson Vinje.

– Det vart eg glad for å høyra, for der kjenner eg meg heime. Elles trur eg ikkje eg er så lett å plassera. Eg har blitt skulda både for å vera venstrevridd og høgrevridd i kommentarane mine. Men sånn er det altså å leva i tvisynet.

Men du har ein ståstad?

– Eg har eit kritisk og rasjonelt utgangspunkt når eg skriv, heller enn ein ideologisk-politisk ståstad. Kanskje er det rett å seia at eg skriv frå ein vestlandskkritisk ståstad?

Kritisk mot Oslo-makta?

– Sjølv om det ikkje alltid er så lett å sjå når ein ser TV, høyrer på radio eller les ”nasjonale” Oslo-aviser, bur altså 88 prosent av oss ikkje i Oslo. Då er det både logisk og viktig at me som bur utanfor ser kritisk på makt, politikk, pengar og dagsorden. Det kan det koma mykje god journalistikk ut av, seier Zahl, og nemner fordelinga av pengar frå Kulturrådet som døme. Det viser seg nemleg at over halvparten av desse pengane systematisk går til Oslo.

– Eg har sjølv budd ti år i Oslo, og veit at den manglande merksemda utanfor Ring 3 ikkje skuldast vond vilje eller ein konspirasjon. Men folk i Oslo kjem ganske enkelt ikkje på at ¾ av landets befolkning bur utanfor det sentrale austlandsområdet. Det blir til dømes lett surrealistisk når det blir rekna som ein ”nasjonal” debatt når det skal byggast eit nytt bibliotek eller museum i Oslo, mens det aldri blir debatt i Dagsnytt 18 når tilsvarande skal skje i Bergen, Stavanger eller Trondheim.

Sentrum – periferi opptek deg?

– Ja, om det går ei linje gjennom alt eg har drive med, så er nok det viktige stikkord. Frå hovudoppgåva mi – på nynorsk! – om Stein Rokkans Europa-modell, by/land-debatten du finn overalt, Oslo kontra resten av Norge, Norge – EU/Europa. Og då er det nynorske blikket frå vest eit godt utgangspunkt, avsluttar Jan Zahl.

LES OGSÅ: – Nynorsk er ikkje så vanskeleg