Profesjonelt omsette eksamensoppgåver på nynorsk inneheldt i fjor betydelege feil.

Julie Bjander og Petter Fløttum, Universitas. Omsett til nynorsk av Anders Veberg.
Julie Bjander og Petter Fløttum, Universitas. Omsett til nynorsk av Anders Veberg.

Saka var først hos Universitas, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

I førre veke skreiv Universitas om språklege feil ved Universitetet i Oslo (UiO) sine nynorske eksamensoppgåver. Dette gjeld også Det medisinske fakultet (MED), sjølv om det her vart nytta ei profesjonell omsetjingsteneste til dei aktuelle oppgåvene.

Det som er interessant å merka seg her, er at fakultetet kjem dårleg ut i oversikta over grammatiske feil og avvik. Det tyder på at omsetjingsbyrået som vart nytta ikkje gjer ein god jobb, trass i at Det medisinske fakultet brukar pengar på tenestene deira, fortel Jorunn Thingnes.

Masterstudenten ved Institutt for lingvistiske og nordiske studiar avdekka feila i arbeidet med masteroppgåva si.

LES OGSÅ: – Ei skam og ein skandale

Thingnes sine undersøkingar syner også at MED hadde eit brot med det nynorske stilidealet i 75 prosent av oppgåvene.

Brot med stilideal er ikkje direkte feil, men om du ikkje kan språket ordentleg slår det ut her. Eit sopass høgt tal som 75 prosent kan tyda på at det er snakk om eit direkteomsetjingsprogram, eller at personane som omset ikkje kjenner det nynorske stilidealet, forklarar masterstudenten.

Ikkje maskinomsett
Amesto Translations er byrået som har omsett dei aktuelle eksamensoppgåvene frå bokmål til nynorsk. Sidan byrået ikkje har fått tilbakemelding frå UiO om feil i eksamensoppgåver, vil dei ikkje kommentera denne saka spesielt, men uttalar seg på generelt grunnlag.

Det er ikkje brukt maskinomsetjing i oppdraget for UiO. Det er alltid omsetjarar med lang bakgrunn eller utdanning innan omsetjing som utfører oppgåvene, seier Cecilie Fensholt, kommunikasjonssjef i Amesto.

Fensholt seier Amesto har strenge rutinar for kvalitetskontroll.

Omsetjarane har ansvar for å kvalitetssikra teksten sin før dei sender den til oss, og så blir teksten sjekka hos oss før den blir sendt til kunden. Kva som skjer med teksten etter det har ikkje me kontroll over, fortel Fensholt.

LES OGSÅ: – Trugar vekk nynorsken

Fjerna nynorsk alternativ
Sidan førre vår har fakultetet fått eit fritak frå Forskrift om målform i eksamensoppgåver, som seier at alle studentar har krav på å få eksamensoppgåver på den målforma dei ønskjer.

Det vil sei at dei no ikkje tilbyr studentane digital eksamen på eiga målform, forklarar masterstudent Jorunn Thingnes.

Medisinstudent Mari Grimsrud reagerer på dette. Ho nyttar sjølv nynorsk som hovudmål, og meiner det må bli slutt på det ho kallar «snikbokmålifisering» av medisinstudiet ved UiO.

Det er sjølvsagt flaut med språklege feil, men det viktigaste for oss nynorskbrukarar er at me får bruka og lesa språket vårt, også på eksamen. Eg vil heller ha nynorske oppgåver som inneheld feil, enn ingen nynorskoppgåver i det heile, seier Grimsrud.

Dette trass i at medisinstudenten sjølv har dårlege erfaringar med dårlege nynorske eksamensoppgåver.

Første semester fekk eg utdelt ei nynorsk eksamensoppgåve der det var gløymd å revidera svaralternativa på ei avkryssingsoppgåve, slik at den var umogleg å løysa. Etter dette ber eg alltid om å få utdelt eksamensoppgåva på både nynorsk og bokmål, i tilfelle det same skjer igjen, fortel Grimsrud.

Ho meiner at hovudproblemet ikkje er standarden på nynorsken som blir nytta, men den språklege standarden generelt på fakultetet sine oppgåver.

Eg har opplevd språklege feil i dei nynorske eksamensoppgåvene, men eg tykkjer det er minst like mange feil i oppgåvene på bokmål. Fakultetet burde vera flaue over den språklege standarden, avsluttar medisinstudenten.

Strenge rutinar
Liv Bjøntegaard Finess, seksjonssjef ved MEDs studieseksjon, fortel at dei ikkje vil gi digitale eksamenar på nynorsk dette semesteret, fordi systemet dei brukar ikkje er godt nok til å handtera to ulike målformer på éin enkelt eksamen.

Fakultetet har ikkje motteke nokon klagar på den språklege kvaliteten på dei nynorske eksamensoppgåvene. Dei har derfor heller ikkje gitt negativ tilbakemelding til Amesto.

Me har strenge rutinar for å sikra kvaliteten på spørsmåla, det gjeld spesielt den faglege kvaliteten. Me vil sjølvsagt gi tilbakemelding om me finn alvorlege feil i nynorskversjonen, og som vil kunna påverka det faglege innhaldet, seier ho.

LES OGSÅ: Språk i spagaten

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

Kommentarar

ANNONSE