Menn blir sjuke av likestilling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går fram av ei gransking Försäkringskassan (Sveriges Nav) har gjort av sjukefråværet blant svenske småbarnsforeldre, skriv magasinet Velferd.

Ei tradisjonell arbeidsfordeling, der mannen er hovudforsørgjar og kvinna er hovudansvarleg for det ubetalte arbeidet heime, reduserer risikoen til menn for å bli sjukmelde, viser granskinga, som byggjer på statistikk over fråværet til fleire hundre tusen svenske småbarnsforeldre som fekk sitt første barn i perioden 2002– 2009.

25 prosent høgare risiko
Menn som har hovudansvar for arbeidet i heimen, har opp til 25 prosent høgare risiko for å bli sjukmelde enn andre menn, viser granskinga. For kvinner er auka likestilling i heimen ein fordel. Dei har mindre risiko for å bli sjukmelde når mannen tek eit større ansvar på heimebane.

– Studien viser at auka likestilling i heimen fører til auka likestilling når det gjeld sjukefråvær, konstaterer analysedirektør Laura Harmann i Försäkringskassan.

– Auken i sjukefråværet blant menn skjer derimot frå eit lågt nivå. Kvinner har generelt eit høgare sjukefråvær enn menn, tilføyer ho.

Funna i granskinga er i tråd med den såkalla belastningshypotesa. Ho peiker på at høgare krav både på heimebane og i arbeid kan vere vanskeleg å kombinere og kan føre til auka stress og auka fare for sjukmelding. (©NPK)

LES OGSÅ: Sørlendingar er lenger sjukemelde enn andre