Forskar: – Forsvaret er prega av feminin åtferd

Forsvaret kan verka både mandig og barskt, men det å vera militær handlar like mykje om ein veremåte som blir assosiert med det å vera feminin, viser ny forsking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er forsvaret feminint?

– Analysane mine viser at militært personell må visa ei åtferd som vi til vanleg koplar med feminitet, slik som lydnad, underkasting, orden, konformitet, god moral og rett haldning. Vi kan kanskje seia at det militære er prega av eit maskulint uttrykk kombinert med feminin åtferd, seier Nina Rones ved Noregs idrettshøgskole (NIH), som har teke doktorgrad om emnet.

LES OGSÅ: Verneplikt for alle

I doktorgradsarbeidet sitt har ho gjort feltarbeid fleire ulike stader i Forsvaret for å finna ut kva som står på spel i diskusjonar om militær identitet, fysiske krav og tilgangen for kvinner til militære yrke, heiter det i ein omtale på nettsidene til Idrettshøgskulen.

I dag har Forsvaret 10,2 prosent kvinner i militære stillingar. Målet er å auka dette til 20 prosent innan 2020.

– Som ein konsekvens av at vi i Noreg ønskjer å vera verdsmeistrar i likestilling, opplever vi ei endring i samansetjinga av soldatar. For å setja det på spissen kan vi seia at ressurssvake menn blir bytte ut med ressurssterke kvinner også i det norske forsvaret, seier Rones, som disputerer på Noregs idrettshøgskole 29. mai. (©NPK)

LES OGSÅ: Kamp om verneplikt-plassane