Verneplikt for alle blir vedteke i dag

Forsvarsministeren skriv om lovendringane som gir allmenn verneplikt – og korleis det skal få dei best egna og mest motiverte inn i tenesta.

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag skal Stortinget vedta dei lovendringane som er naudsynte for å innføra allmenn verneplikt i Noreg. Frå og med 2015 vil alle norske kvinner som er fødde i 1997 og seinare vera vernepliktige. Dei første vernepliktige kvinnene vil møta til teneste sommaren 2016.

LES OGSÅ: Dårlegast på likestilling

Først no deltek alle
Dette er eit historisk vedtak. Verneplikta er eit viktig prinsipp i samfunnskontrakten mellom borgarane og staten, men først no kan me sei at alle statens borgarar tek del i denne fullt ut. Det gjer me fordi me meiner at forsvaret av Noreg er eit samfunnsansvar som ligg på oss alle. Det finst i dag ingen logiske argument for å halda på ei verneplikt for berre den eine halvdelen av befolkninga.

Difor utvider me den til å gjelda begge kjønn. Verneplikta gir Forsvaret eit breitt grunnlag for å rekruttera dei beste og mest motiverte medarbeidarane. Ved å utvida verneplikta, aukar me tilfanget av kompetanse til det doble.

LES OGSÅ: Jenter flest vil merka lite til kjønnsnøytral verneplikt

Uavhengig av kjønn
Tida er og inne for ein brei gjennomgang av vernepliktsordninga, og å modernisera og utvikla førstegongstenesta i tråd med Forsvarets behov. Regjeringa har difor sett ned eit utval som skal sjå på alle sider ved vernepliktsordninga. Utvalet skal vurdera dei fagmilitære, forsvarspolitiske og samfunnsmessige perspektiva ved verneplikta.

Ambisjonen er at kvinneandelen skal auka på sikt. Det viktigaste verkemiddelet er å gjera førstegongstenesta så attraktiv som mogleg, slik at så mange kvinner som mogleg sjølv vil ønska teneste i forsvaret. Mitt fokus vil ligga her – på at det er dei best egna og mest motiverte som skal utføra teneste, heilt uavhengig av kjønn. Likevel må Forsvarets kompetansebehov dekkast, om naudsynt ved bruk av plikt.

LES OGSÅ: Jublar for verneplikt for kvinner

Lovendringane er historiske
Innføring av allmenn verneplikt er i tråd med prinsippet om like pliktar og rettar for alle i samfunnet vårt. Det er og eit naudsynt skritt for at Forsvaret skal få dekka sine kompetansebehov. Dei lovendringane som Stortinget skal vedta i dag er historiske. Innføring av verneplikt for kvinner briner oss eit langt skritt vidare i arbeidet med å skapa eit forsvar for ei ny tid med nye utfordringar.

Ina Eriksen Søreide (H)
Forsvarsminister