– Lærarane er våre fremste ambassadørar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mållaget hjelper bokmålsforeldre

Saka var først publisert i Norsk Tidend.

Det finst ikkje nokon fasit på korleis ein skal undervise nynorsk og bokmål i same klassen. Ofte endar ein opp med ein privat pedagogikk, basert på erfaringar frå den einskilde læraren eller skulen.

Men stundom endrar samfunnet seg raskare enn pedagogikken.

Os ligg tre små mil frå Bergen sentrum, og har opplevd ei veldig tilflytting dei siste tiåra, og meir skal det bli i åra som kjem.

I all hovudsak kjem tilflyttarane frå bokmålsområde. Mange foreldre ynskjer at ungane deira skal lære bokmål i skulen, noko som fører til konfliktar og krav om eigne klassar. Korleis kan ein møte desse ynska på ein best mogleg måte?   

LES OGSÅ: – Innfør språkdelte klassar i ungdomsskulen

Veksesmerter
– Det er ei veldig utvikling i Os, og me opplever nok veksesmerter, seier Marie Hauge, leiar i Os mållag.  

– Me i Os mållag er veldig glade i lærarane og er opptekne av at dei er gode ambassadørar for oss rundt om i skulane. Me inviterte dei difor til frukostmøte med fagleg innhald for å syne at me set pris på dei, utvide vårt eige nettverk og gje dei litt fagleg påfyll på dette med å arbeide i skular med språkblanding.

I byrjinga av mars var 15-20 lærarar samla for å dele erfaringar og for å høyre på Gudrun Kløve Juuhl frå Nynorsksenteret. Det var servert påsmurt og kaffi, medan Juuhl synte fram døme frå heile landet.

Eitt av poenga var å gjere dette til ei tydeleg problemstilling, og å skape "språkleg merksemd". Nynorsk høyrer heime i skulen og det har aldri skada nokon å byrje tidleg. Ho hadde også ein gjennomgang av kva regelverket seier, og om kvar lærarane kunne finne læreressursar og inspirasjon på nett. 

LES OGSÅ: Vil ha nynorsk i alle fag

Utanfor klasserommet
Då lærarane fekk kome til ordet, kunne dei stadfeste at dette ikkje stod høgt oppe på lista.

Ein fortalde om ein elev som ikkje hadde oppfatta at ho hadde nynorsk som hovudmål før ho gjekk i 5. klasse.

Men ordskiftet dreidde seg fort vekk i frå klasserommet og over til å dreie seg om livet utanfor. Det vart snakk om haldingar mellom foreldra, krav, påstandar og argument som ikkje var språklege og pedagogiske. Motstanden var meir automatisk. Anne Fristad, rektor ved Nore Neset ungdomsskule, fortalde om at desse foreldra tidlegare insisterte på ein eigen bokmålsklasse.   

– Om desse foreldra får til ein bokmålsklasse, så blir han liten, gjerne med berre ti elevar. Det er ikkje alltid bra, når ein er omgitt av store klassar på tretti elevar. Desse små klassane blir veldig spesielle. Me hadde nokre små bokmålsklassar på 90-talet, og dei fungerte dårleg. Det er ikkje nokon automatikk i at om berre klassane blir småe, så blir det gode klassar, sa Fristad.  

LES OGSÅ: Ein av tre vil samla norskkarakteren

Møte innflyttarar med respekt
Løysinga var å møte desse innflyttarane med respekt.

– Ofte har dette handla om noko meir enn språk. Innflyttarane kjem med ein motstand mot nynorsk, gjerne kombinert med fordommar. Dei har lova på si side, men me møter dei med respekt. Etter å ha snakka med dei, diskutert kva som er best for deira unge, så er dei ikkje så skeptiske lenger. Eg trur faktisk me er blitt flinkare til å prate med foreldra og grunngje språkvalet i skulen. Eg har alltid hatt ei pedagogisk grunngjeving: kva som er bra for klassen, kva som er bra for ungane. Det kan verke som krava har roa seg litt, at foreldra skjøner at det er råd at ungen lærer nynorsk, utan at det går ut over personlegdomen, sa Fristad.

Det er denne haldinga Os mållag gjerne vil fyre oppunder. Mellom lærarane som kom på møtet, var det fleire nye andlet. Dei hadde greidd å nå lenger ut enn den harde kjernen.

LES OGSÅ: Her aukar talet på nynorskelevar mest

Språkleg medvit
Leiar Maria Hauge er medviten om at dette dreier seg om meir enn opplæringsmål i skulen.

– Det har vore stor tilflytting til Os, og meir er venta. Veksten kjem frå Bergens-området og bokmålskommunar. Så utfordingane er der. Men me har også ting som talar til vår fordel, til dømes nynorsk dagsavis og nettavis, me har medvitne målfolk rundt om i skulane, me har unge vaksne som ser at nynorsk er ein del av det å vere osing. Så dette presset kan føre til at me blir meir medvitne, og at det kan vekkje folk til å kjenne på kva det vil seie vere osing. Nynorsk og dialekt er ein del av det. Me vil i alle fall gjere vårt. Det blir eit press, me får vekst, men då vil det skjerpe oss, sa Hauge.

Ho fortalde at laget tidlegare har hatt nynorskkurs for foreldre, men at målet er å nå endå fleire pedagogiske krefter.

– Me leikar med tanken om eit møte med rektorane. Draumen hadde vore å få til eit heildagsseminar for alle lærarane, ikkje berre dei som underviser i norsk. Dette er eit spørsmål som er aktuelt i alle møte mellom lærarar og elevar. Så ein heil dag, med fagleg påfyll og lunsj og nokre små gåver. Det hadde vore fantastisk å få til. Men det handlar også om at lærarane skal ha tid. Spørsmålet er kva me kan greie med dei ressursane me har, og den travle kvardagen lærarane har. Det er krefter og motkrefter, og så får me følgje med på kjøtvekta på kven som vinn. Me veit det ikkje er så mykje som skal til. Det handlar om medvit, sa Hauge.