Kvinner står for studentauke
Talet på studentar auka med 3.400 personar i fjor, nesten alle desse var kvinner.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I alt 272.500 personar var studentar i høgare utdanning i Noreg eller utlandet per 1. oktober 2014, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
LES OGSÅ: Kjønnspoeng – òg til menn
Det svarar til ein auke på rundt 3.441 studentar frå same tidspunkt i 2013. 3.373 av desse studentane var kvinner.
Det var i alt 162.736 kvinnelege studentar i høgare utdanning i Noreg eller utlandet og 109.769 mannlege studentar.
Talet på studentar i Noreg auka med snautt 2.300 personar, medan nær 1.200 fleire studerte utanlands. 30 prosent av utanlandsstudentane var i Storbritannia, medan kring 20 prosent var i Danmark og ti prosent i USA.
Over 255.500 av studentane gjekk på norske universitet og høgskular. (©NPK)
LES OGSÅ: Vil ha fleire menn på psykologistudiet