IKT-bransjen uroa for få studieplassar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

IKT-bransjen slår alarm

– Dette må bli oppfatta som eit tydeleg krav om fleire studieplassar innan IKT, seier administrerande direktør Håkon Haugli i Abelia, foreininga for kunnskaps- og teknologibedrifter, om tala frå i år tal frå Samordna Opptak.

LES OGSÅ: Rekordmange vil ta høgare utdanning

Manglar IKT-kompetanse
Søkinga til teknologiske fag har steget med 17,5 prosent frå i fjor til i år. Sidan 2011 har auken av søkjarar til informasjonsteknologi vore på over 50 prosent, ifølgje Abelia.

Haugli meiner søkjarane har forstått at mange av dei nye jobbane i Noreg vil blir skapt i denne bransjen.

– Vi er likevel uroa over at det er framleis er avgrensa med studieplassar som blir tilbydd den aukande studentmassen, seier Haugli.

Regjeringas eigne analysar viser at det vil vere mangel på IKT-kompetanse i framtida.

– I «beste» fall vil kvar fjerde IKT-stilling stå disponibel om 15 år, seier Haugli. (©NPK)

LES OGSÅ: Treng 60.000 fleire lærarar i 2030