Lærartettleik varierer kraftig mellom skular
Skular med tilsynelatande same vilkår har stor forskjell i lærartettleik, viser ei ny oversikt. Ved to skular i Oslo varierer det frå 17 til 27 elevar per lærar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er bladet Utdanning som har fått Utdanningsdirektoratet til å lage oversikta.
Marienlyst skole i Oslo er blant dei største som er kartlagt, og her er det 27,1 elevar per lærar. Kjelsås skole, rundt 5 kilometer unna, er nesten like stor, men har ein lærartettleik på 17,4.
LES OGSÅ: Slår alarm om stadig større skuleklassar
Få, men dyre lærarar
Marienlyst-rektor Knut Erik Brændvang forklarer tala med at skulen har mange høgt utdanna lærarar og lærarar med høgare lønn enn ved andre skular – og at den dermed truleg ikkje kan tilsette så mange som skular som har lærarar med lågare ansiennitet. Rektoren trur dessutan at det kan vere feilkjelder i tala.
Lærartettleik er rekna ut frå det som blir kalla gruppestorleik 2, som ifølgje bladet Utdanning best uttrykkjer talet på elevar per lærer «i ein gjennomsnittleg undervisingssituasjon i den ordinære undervisninga». Det er noko uvisse knytt til tala fordi føringa av lærarressursar varierer mellom kommunar.
– Storleiken på gruppene bør derfor bli sett på som ein indikasjon og ikkje som eit absolutt mål, skriv Utdanningsdirektoratet.
Landsgjennomsnittet for skuleåret 2013/2014 ligg på 13,5 elevar på lærar. (©NPK)