Nye råd for kunstig intelligens i skulen

Kunstig intelligens set heile utdanningssystemet under press, meiner Utdanningsdirektoratet, som har laga nye råd for å skjerme elevane.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Det er vanskeleg å gi råd som fullt ut svarer på behovet for å forstå og handtere KI. Til det går utviklinga for raskt, og forskinga heng etter. Vi vel likevel å seie det vi kan seie no og oppdatere etter kvart som vi kan seie meir, seier direktør Morten Rosenkvist i Utdanningsdirektoratet.

Han seier kunstig intelligens (KI) legg eit press på skulen, og at elevane må vernast og rettleiast i korleis dei skal forhalde seg til dette.

Ei liste på ni nye råd skal gi rettleiing i korleis ein skal bruke, informere og vere kritisk til KI. Det blir også gitt råd om at ein skal ta omsyn til alder og modnad hos elevane

Råd om kunstig intelligens (KI) i skulen

  1. Løft fram relevante område i læreplanverket. Til dømes områder som digital dømmekraft, kjeldekritikk, etikk, personvern og demokrati.
  2. Skulen og læraren vurderer når KI er relevant å bruke, ut frå mål og innhald i læreplanane. Læraren er den pedagogiske leiaren i klasserommet, som legg til rette for gode læringsprosessar.
  3. Legg vekt på variasjon i opplæring og vurdering. Utforsk tilnærmingar som gir læraren tryggleik på at det er elevens eigen kompetanse som blir vurdert. Til dømes vurdering i ulike fasar av ein skriveprosess.
  4. Snakk med elevane om kva KI er, kva moglegheiter teknologien gir, men også kva farar den bringer med seg. Utforsk gode arbeidsprosessar og læringsformer saman.
  5. Snakk med føresette om digital praksis og bruk av KI-verktøy på skulen og heime.
  6. Bruk profesjonelle læringsfellesskap, for å takle komplekse utfordringar som det er vanskeleg å møte åleine. Skuleeigar og skuleleiar må prioritere utvikling av profesjonsfagleg digital kompetanse.
  7. Skap ein kultur for utprøving og evaluering av pedagogisk praksis.
  8. Bruk sikre løysingar som er godkjent og personvernvurdert av skuleeigar
  9. Ta omsyn til elevane sin alder og modenheit, og vis særleg varsemd ovanfor yngre barn. Bruk dei tekniske moglegheitene som finnast til å tilpasse verktøya for best mogleg pedagogisk bruk.

Kjelde: Udir

 

– KI er allereie ein viktig del av den verda og framtida elevane møter. Då er det avgjerande at vi klarer å finne metodar i skulen som sikrar at elevane får vist kompetansen sin på ein rettferdig og relevant måte, seier Rosenkvist.