Kvart minutt forsvinn 30 fotballbanar med fruktbar matjord verda over. 2015 er FNs internasjonale jordvernår.

mm
Faktaboks

Noreg er 385 178 kvadratkilometer

1000 kvadratkilometer er ein dekar

3 prosent av norsk jord er dyrka mark

90 prosent av dette landbruksarealet går til å dyrka dyrefôr

Ifjor vart 5 kvadratkilometer matjord bygd ned, eit tal som er lågare enn på 30 år

LES FAKTALUKK FAKTA

Verdas befolkning vert stadig fleire og meir kjøpekraftige. Ifølgje FNs matvareorganisasjon må dagens matproduksjon aukast med heile 70 prosent innan 2050.

Reknestykket går ikkje opp med den dramatiske nedbygginga av matjord verda over.

Difor har FN erklært 2015 for det internasjonale året for vern av matjord. Målet er å verne om og sikre bærekraftig utnytting av ein livsviktig naturressurs.

LES OGSÅ: – Listhaugs politikk trugar mattryggleiken

Ikea-kampen
Det tek århundrer å danne god matjord. I praksis er difor jord ein ikkje-fornybar ressurs.

Ofte må den verdifulle matjorda vike for å få meir plass til mellom anna bustadar, kjøpesenter og vegar.

– Det kan vere vanskeleg å forstå kvifor vi skal vere urolege for matproduksjonen. Men godt over 90 prosent av landet er ueigna til jordbruk. Og diverre ligg ein stor del av den dyrkbare jorda i nærleiken av byar og tettstader i sterk vekst, seier Wenche Dramstad ved Norsk institutt for skog og landskap til NTB.

Eit døme der matjorda må vike for næringslivet er planane om å byggje ny Ikea-forretning på Delijordet i Vestby i Akershus.

Det vakte stor motstand då det i november 2013 vart klart at landbruksminister Sylvi Listhaug var villig til å ofra dette jordbruksområdet for 250 nye arbeidsplassar.

– Me kan ikkje leva på ikeamøblar, var beskjeden frå mellom andre Noregs Bondelag, Natur og Ungdom, Naturvernforbundet og Spire.

40 prosent av landområda i EU er jordbruksområde, men talet på bønder er meir enn halvert sidan 1990.

Tal frå European Eviromenrtal Angency (EEA) syner at 15 kvadratkilometer av Europas landbruksareal vert bygd ned dagleg. 

LES OGSÅ: Dei nye koloniherrane


Brorparten av norsk matjord vert brukt til å fôra dyr, som kan gje oss kjøtt, mjølk eller egg. Foto: Nyt Norge

Lite sjølvforsynte
I Noreg går nedbygginga seinare, men me har til gjengjeld mindre å ta av.

Berre tre prosent av norske landområde er i dag dyrka mark. Av dette er det berre 30 prosent som eignar seg til å dyrka matkorn, eit tal som er lågare enn i noko anna EU-land.

I praksis går 90 prosent av jordbruksarealet vårt til å dyrka dyrefôr til produksjon av kjøtt, mjølk og egg.

Ifølgje instituttet for Skog og landbruk var det i fjor 12.500 kvadratkilometer ubenytta dyrkbar jord i Noreg. Mesteparten av dette ligg i myrområde eller område som er for høgt eller for langt nord til å dyrke matkorn, men der ein kan dyrka dyrefôr.

Sidan andre verdskrig har 1200 kvadratkilometer jordbruksareal i Noreg vorte omdisponert, ifølgje regjeringa sine nettsider. Det er omlag 17 kvadratkilometer i året.

I takt med dette har importen av matvarer auka drastisk.

Under halvparten av maten vår var norskprodusert i 2013, ifølgje rapporten «Utviklingen i norsk kosthold» frå Helsedirektoratet.

Noreg vert stadig mindre sjølvforsynt, noko som har uroa fleire. Krig eller naturkatastrofar kan vere senario der Noreg vil ha nytte av å vere meir sjølvforsynte.

LES OGSÅ: – Bønder viktige i kriser og beredskap


Sjølv om kortreist er i vinden, er over halvparten av innhaldet i handlekorga vår importert. Foto: Nyt Norge

Meir jordvern
Alt ser likevel ikkje heilt asfaltgrått ut.

I 2004 kom det eit nasjonalt jordvernmål om å redusere den årlege omdisponeringa av dyrka mark med 50 prosent innan 2010, noko som ville seie at under seks kvadratkilometer jordbruksareal årleg skal omdisponerast.

I fjor var landbruksarealet som vart omdisponert til andre føremål det lågaste på 30 år. Melombelse tal syner at fem kvadratkilometer dyrka mark er registrert omdisponert i 2014, mot 5,6 kvadratkilometer året før.

Men det er den beste matjorda som ofte vert ofra for å husa nye tilflyttarar, kjøpesenter og vegar. Dette gjeld på Austlandet, rundt Stavanger, Bergen og Trondheim. Det er område som eignar seg godt til jordbruk, men der tilflyttinga og utbygginga er stor.

– Det må tenkast klokare og vurderast alternativ når kommunane planlegger for den kommande veksten, sa landbruks- og matminister Sylvi Listhaug i ei pressemelding på regjeringa sine sider.

Førre månad fekk ho ein rapport gjort på bestilling for departementet med framlegg om tiltak for å styrka jordvernet. Konsentrert bygging er eit av dei viktigaste framlegga i rapporten.

Regjeringa tek no sikte på å leggje fram ein ny jordvernstrategi for Stortinget i mai.

LES OGSÅ: Vil grave ned kjøpesentra

Trygg famileforankring
2015 er jordvernets år, medan FN i fjor markerte familielandbrukets år. Familielandbruk er den vanlegaste landbruksforma i Noreg og på verdsbasis.

Assisterande generalsekretær i FN-sambandet Rune Arctander meiner at eit skifte frå industrielt jordbruk til familiedrift, kan vere ein del av løysinga.

 – Undersøkingar viser at det på verdsbasis er dei små, familiedrivne jordbruka som er dei mest berekraftige. I motsetning til det industrielle jordbruket, der overproduksjon, skadelege sprøytemiddel og kunstgjødsel er med på å fjerne næringsinnhaldet i jorda, nyttar familiebøndene billege og klimavennlege metodar som vernar jordsmonnet, lagrar klimagassar i jorda og tek vare på økosystemet rundt dei. Jorda er ein ikkje-fornybar ressurs, så når ho har tapt seg, kan ho ikkje «gjenopplivast», seier Arctander til NTB. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE