– Bønder viktige i kriser og beredskap
Tre av fire bønder meiner at dei i svært stor eller i noka grad spelar ei viktig beredskapsrolle for samfunnet i handteringa av kriser, klimaendringar og folkevekst, viser ei undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Bønder viktige i kriser
Samtidig svarer 11 prosent at dei i lita eller svært lita grad kjenner det på same måte, medan 11 prosent svarer både òg, viser undersøkinga som Sentio har gjort for Norsk Landbrukssamvirke.
– Det er veldig positivt at nesten ni av ti svarer at bønder spelar ei viktig rolle i denne samanhengen. Det viser at bonden ikkje berre ser på seg sjølv som ein sjølvstendig næringsdrivande, men også som ein problemløysar i dei store utfordringane knytt til matforsyning, klima og beredskap i vår tid. Og det med rette, seier leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Norsk Landbrukssamvirke, Eirik Nedrelid, til Nationen.
Nedrelid meiner Noreg bør lære av Kina og satse meir på oppkjøp av matjord. Kina har dei siste åra kjøpt opp over 20 millionar mål matjord utanfor Kina. Dette vert gjort for å sikre matforsyninga, påpeikar Nedrelid. Han meiner Noreg bør ta på seg ei solidarisk ansvar og bidra til auka global matproduksjon ved å gjere det same. Han viser også til at matjord vert teke ut av drift i Noreg, samtidig som behovet for mat på verdsbasis aukar.
Nedrelid føreslår også at Noreg byggjer opp eit beredskapslager for korn, noko leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag er einig i.
– Det blir produsert stadig meir mat direkte til forbruk, og mindre for lager. Dermed blir ein meir sårbare, seier Bjørke, som er glad for resultatet av undersøkinga. (©NPK)