Bergen Høgre meiner at elevane er betre eigna enn politikarane til å avgjere kva type kunnskap dei treng i framtida.

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag
Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag

Innlegget var først i Bergens Tidende

I Bergen drøymer Høgre om ein bokmålsoase, der dei elevane som vil skal få velja vekk det eine av dei to norske språka. Ein slik valfridom for bergenselevane vil avgrensa valfridomen åt nynorskbrukarane. Mindre nynorskkompetanse i ålmenta vil gjera nynorskbruk vanskelegare. Nynorskbrukarane er, til liks med fleire andre mindretalsspråklege rundt om i verda, avhengige av godvilje frå fleirtalsspråkbrukarane for å kunna nytta språket sitt.

Sidemålsundervisning er heller ikkje uvanleg i andre språkkløyvde område. Der med same grunngjeving som her: Ivaretaking av rettane til mindretalsspråkbrukarane. Meistrar fleirtalsspråkbrukarane det mindre brukte språket, så vil mindretalsspråkbrukaren kunna bruka språket sitt over alt. Ei svekking av sidemålsordninga er ei svekking av nynorskbrukarane sine språklege rettar. Såleis er den totale situasjonen til nynorsken nært knytt til opplæring i nynorsk for elevar i bokmålsområde.

Bakgrunn: Sidemålsforslag skapar sinne i Bergen

Men nynorskbrukarane er ikkje i tankane til Bergen Høgre. Dei tenkjer på elevane, og dei meiner at elevane er betre eigna enn politikarane til å avgjere kva type kunnskap dei treng i framtida. Pensum i skulen er sett saman av fellesskapet fordi skulen skal utdanna elevar til gode samfunnsborgarar så vel som til gode arbeidstakarar. Nynorsken er ein del av begge desse måla i skulen. Nynorsk og bokmål er to ulike språk med ulikt opphav, ulik historie og med to ulike skriftkulturar. Begge språka er ein viktig del av norskfaget. Eit norskfag utan nynorsk vil vera eit halvt norskfag. Å læra seg begge dei norske språka er ein måte å skriva seg inn i det norske på, som Gunnar Skirbekk plar seia.

Bergen er ein hovudstad for heile Vestlandet, og store delar av omlandet til Bergen er nynorskkommunar. Samstundes nyttar både fylkeskommunen og fleire statsorgan i Bergen og Hordaland nynorsk. Nynorskkunnskapar er såleis noko store delar av arbeidsmarknaden og samfunnet rundt Bergen treng. Å avvisa dette med at elevar på 16- 17 år sjølve veit kva som vert kravde av dei i arbeidslivet seinare i livet, heng ikkje på greip. Særleg når me veit at det er dei færraste som alt då veit kvar dei endar opp seinare i livet. Å lata det verta opp til elevane sjølve om dei vil læra seg nynorsk, vil ikkje vera anna enn å auka presset på nynorsken alle dei stadene der slik kompetanse er naudsynt og viktig.

Test deg sjølv: Kor godt forstår du bokmål?

Bergen Høgre nytta sidemålsforsøket i Oslo i 2004 som prov på at dette kan hjelpe dei svakaste elevane. Noregs Mållag er òg uroa for dei svakaste elevane, men dei treng hjelp langt tidlegare i skulegangen. Innsatsen må setjast inn på mellomtrinnet i barneskulen. Det er ikkje hjelp i å fjerna sidemålsundervisinga ti år etter og der måla i læreplanen er heilt andre. For sidemålsforsøket i Oslo synte ikkje det som Bergen Høgre skal ha det til.

Det synte at om ein innfører ei rad andre pedagogiske tiltak for å betra prestasjonane til elevane, som vektlegging av skriveferdigheiter, mappeevaluering og kompetanseheving av lærarar, så kan du få ei svak forbetring i hovudmålskarakteren. Likevel presterte desse elevane dårlegare enn elevane som ikkje var med på forsøket. Det var status etter Oslo-forsøket. Om effektane av sidemålsforsøket i Oslo er det altså umogeleg å konkludere, noko NIFU STEP som evaluerte forsøket òg var tydeleg på.

Valfritt sidemål var ein dårleg idé i 2004, og det er ein dårleg idé i dag. Vil dei verkeleg gjera noko med skrivedugleiken til elevane i bergenskulen, må dei sjå til langt mindre populistiske tiltak enn å lata majoritetsspråket få endå større plass enn det alt har i Bergen i dag.

LES OGSÅ: Fire mytar om norsk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE