Kjem bruken av dialekt i skrift til å slå beinkrok på nynorsken? Eller er det ein positiv tendens målrørsla bør slå ring om?

Anders Aanes, Ivar Aasen-tunet
Anders Aanes, Ivar Aasen-tunet

Innlegget var først på bloggen til Ivar Aasen-tunet

Vi ser det alle – iallfall dei av oss som brukar Internett og sosiale medium. Bruken av dialekt i skrift breier om seg, og har gjort det i stor grad ganske lenge no. Det blir dessutan sagt at vi aldri før har produsert så mykje tekst i samfunnet. Tidlegare var den skriftlege produksjonen for mange avgrensa til handlelappar og diverse andre lister i heimen. Men no: Skrifta er overalt, og helst i digital form.

Men i dialektparadiset Noreg – der ein sjølv i Stortinget slepp å gi avkall på det språklege opphavet sitt – har denne eksponentielle auken av skrift i samfunnet sjølvsagt gitt seg utslag i at folk brukar dialekten sin når dei skriv. Dette skjer helst i det vi kan kalle språkleg sett demokratiske frisoner, der ein ikkje er pålagt å skrive normert skrift. Tekstmeldingar og det mylderet av sosiale medium som no finst, er openberre døme på slike frisoner. Men dialekt i skrift finn ein også ofte i kommentartrådane til nettavisene.

TEST DEG SJØLV: Kor god er du i sognamaol?

Dette hadde dei vel neppe tenkt seg, dei som formulerte slagordet til Noregs Mållag på 1970-talet: "Snakk dialekt – skriv nynorsk!". Reaksjonen mot sentralisering og urbanisering på 1960- og 1970-talet førte nemleg med seg ei ny pedagogisk tilnærming til nynorsk; ein burde ta utgangspunkt i dialekten sin når ein skreiv nynorsk. Sjølvsagt, tenkjer du vel. Men tanken var altså at ein skulle skrive så nært som mogleg dialekten sin. Dette var mogleg på grunn av dei mange klammeformene i skriftspråka, som var resultatet av samnorskpolititikken til styresmaktene. Heilt konkret vil det seie at eg som sunnmøring til dømes burde skrive månadane og bustadane, og ikkje månadene ogbustadene, slik læreboknormalen var før 2012-rettskrivinga. No er det lov å skrive begge delar overalt, ifølgje ordlista.

Den pedagogiske metodikken om å ta utgangspunkt i dialekten når ein skal skrive nynorsk, har rett nok vore omstridd. Kritikarar har peikt på at eit skriftsystem er ein autonom storleik som føreset fastheit og stabilitet over tid for å kunne lærast. Dette skjer ikkje dersom ein til ei kvar tid skal ta omsyn til korleis ein snakkar, meiner dei. Somme meiner også at det ovanfornemnde slagordet til målrørsla var ein generaltabbe, fordi det har ført til at nynorsken har svekt posisjonen sin som standardtalemål. Og eit språk som berre framstår som eit skriftspråk, er ikkje slitesterkt i lengda.

LES OGSÅ: Dette er Noregs verste dialekt

Det er forska nokså lite på bruken av dialekt i skrift og kva det gjer med skriftspråksbruken vår generelt. Men i 2014 leverte Audhild Greogoriusdotter Rotevatn ei masteroppgåve som tok for seg emnet. Språk i spagaten, var tittelen på oppgåva, der informantane var elevar i den vidaregåande skulen på stader som Voss, Eid, Florø, Eigersund og Stranda, altså fire fylke på Vestlandet. Resultata hennar syner at tre av fire elevar brukar dialekt i sosiale medium. Elevane viser rett nok eit sterkt sjangermedvit, så dialektbruken dominerer i sosiale medium, medan det i bloggtekstar i større grad er nynorsk eller bokmål som gjeld.

Rotevatn meiner at dialekt i skrift, eller snakkeskriving som ho kallar det, er ein positiv tendens som medverkar til fleirspråkleg kompetanse. Ho vart dessutan overraska over kor mange som meinte at dei kom til å bruke nynorsk dersom dei såg ti år fram i tid.

Uroa var heller ikkje tidlegare mållagsleiar Håvard B. Øvregård, då han skreiv om emnet i ein leiar i Norsk Tidend i 2010. Han skriv at "ungdomen si omfamning av dialekt i skrift er eit steg på vegen til større medvit om og bruk av nynorsk for ungdom". Han trur at når elevane ser kor mykje nærare nynorsk er deira føretrekte skrift, altså dialekten, så er det håp om stadig fleire medvitne nynorskbrukarar, skriv han. Øvregård legg rett nok til: "Men dette skjer ikkje av seg sjølv."

TEST DEG SJØLV: Kjenner du strileorda?

Korleis målrørsla skal utnytte denne auka bruken av dialektar i skrift, er vel kanskje det mest interessante her. For Rotevatn blir problemstillinga i neste omgang eit spørsmål om normering av skriftspråket – om rettskrivinga i nynorsk er vid nok til å tekkjast den dialektskrivande generasjonen. Men då melder igjen spørsmåla seg om stabilitet i skrifta og kva som er den pedagogisk beste måten å lære eit skriftsystem på.

For som om det ikkje er nok at det er fleire måtar å skrive eit ord på i nynorsken; sjølv i dialektskriving stridest ungdomen, kjem det fram i ein omfattande reportasje i Morgenbladet frå mars 2013, skriven av Bjarne Riiser Gundersen. Det finst ein usynleg kodeks mellom ungdomen, altså ein rett og ein galen måte å skrive dialekt på. Dei som skriv ei for det personlege pronomenet ej (eg), blir altså retta på. Eller gjær i staden forgjer.

Reportasjen har elles ei slagside mot konklusjon og pessimisme allereie i ingressen: "I dag trues Ivar Aasens landsmål av sitt eget fundament: de norske dialektene."

Javel. Dét er ein måte å sjå det på, men faktum er at vi framleis veit for lite om dette – meir forsking må til for at vi skal kunne sjå kva verknad dialekt i skrift har på dei normerte skriftspråka våre. Det er dessutan eit ganske vanskeleg emne å forske på.

Viss ein ser reint vitskapleg på det, er det for nynorsken sin del to moglege utvegar i det fornya språklege landskapet: 1) Ein brukar dialekt i skrift i uformelle samanhengar, og får dermed oppfylt identitetskvota si. I formelle samanhengar brukar ein bokmål, fordi storsamfunnet lærer ein at dette er mest framgangsrikt. 2) Ein brukar dialekt i skrift og oppdagar at dialekten er mykje nærare nynorsk enn bokmål. Då er overgangen til nynorsk kortare når ein skal skrive normert.

Så får du grunde på det sjølv då – kva er mest sannsynleg? Sikkert er det iallfall at alternativ to, som Øvregård peikar på, ikkje skjer så automatisk som ein skulle like å tru.

Er vi attende til 1970-talet?

LES OGSÅ: Slik «skriv» du sognemål

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE