Færre unge har tru på ei framtid i oljeindustrien

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Færre unge til oljen

Artikkelen var først i Avisa Nordhordland

Dei foreløpige søkartala til dei vidaregåande skulane i Nordhordland visar at det vert færre søkarar til linja for teknikk og industriell produksjon (TIP). Dette svarar til også resten av fylket. Svein Nordvik, leiar i NHIL trur utrygg oljenæring skremmer vekk søkarar.

– Det har vore attraktivt av ymse årsaker, men no ser olje-framtida meir utrygg ut og det er ein heilt naturleg konsekvens at færre unge søker fagområde innan oljenæringa, seier Nordvik. Han er også påpasseleg med å berre sjå på den korte utviklinga.

– Vi veit at interessa varierer frå år til år, seier Nordvik.

LES OGSÅ: Treng fleire arbeidsplassar

Kan få følger
På Austrheim vidaregåande skule er det ofte små marginar når ein skal halde oppe linjetilbodet og rektor Kjersti Haugland er usikker på TIP-linjas framtid.

– Ingenting er bestemt, men det er ikkje sikkert vi kan tilby TIP vg1 neste haust, seier Haugland. Samtidig er det andre linjer som ser ut til å få ein oppsving.

– Vi har auke i søkarar til restaurant og matfag så vi kan kanskje tilby linja igjen til hausten, seier Haugland.

Nyleg kom dei foreløpige søkartala for inntak til vidaregåande skuler i Hordaland. Generelt i fylket er det bygg og anlegg-linja som har den største auke. Linja har auka med litt over 20 prosent frå i fjor. Den same tendensen ser ein derimot ikkje i dei to vidaregåande skulane i Nordhordland.

Både i Austrheim og Knarvik ligg talet på bygg og anlegg-søkarar stabilt frå i fjor. Leiar i Nordhordland Handverk- og Industrilag (NHIL), Svein M. Nordvik trur ikkje det er noko fare at søkartala i Nordhordland ikkje svarar til resten av fylket.

– Dei vidaregåande skulane i Nordhordland har over tid hatt bra søking til bygg og anleggsbransjen, seier Nordvik. Auka i Hordaland fylke er derfor ikkje like tydeleg i Nordhordland

– Det er heilt klart eit behov for fagarbeidarar i Nordhordland og vi jobbar hardt for å få lærlingar inn i bedriftene, seier Nordvik.

Dei vidaregåande skulane i Nordhordland opplever ikkje same auken i søkartala til bygg- og anleggsfaga som resten av fylket. Arkivfoto, Avisa Nordhordland

LES OGSÅ: AUF: – Oljealderen høyrer fortida til

Kompetansebarometer
Svein Nordvik trur ikkje behovet for handverkarar i Nordhordland aukar vesentleg, men ein undersøking frå Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) visar at det på landsbasis er forventa ei auke i behovet.

Ifølge NHOs nyleg publiserte kompetansebarometer er det 44 prosent av arbeidsgjevarar som seier dei trur handverkarar vil utgjere ein sentral kompetanse for bedrifta si i dei neste fem åra. I tilsvarande undersøking i fjor var det berre 34 prosent som svarte det same.

Varierer
Rektor Øyvind Helland Oddekalv ved Knarvik vidaregåande skule er ikkje særlig uroa for søkartala til skulen.

– I fjor hadde vi ein oppgang på bygg og anlegg samtidig som resten av fylket mista litt søkarar. Årets tal er igjen stabilt frå i fjor, seier Oddekalv.

– Når det gjeldt bygg og anlegg har vi ikkje følgd trenden til resten av fylket dei siste par åra, men vi har gode søkartal. Eg er ikkje uroa, avsluttar Knarvik-rektor Øyvind Helland Oddekalv.

LES OGSÅ: No vil over halvparten gå på yrkesfag