Den nye leiaren i Norsk Målungdom meiner nynorsken aldri har hatt så mykje aksept som no, og tek over ein organisasjon i medvind.
Faktaboks

Dette er det nye sentralstyret til Norsk Målungdom:

Synnøve Marie Sætre – leiar

Kristofer Olai Ravn Stavseng – nestleiar

Kirsti Lunde – dagleg leiar/skrivar

Fredrik Hope – økonomiansvarleg

Kine Svori – sentralstyremedlem

Hans Rasmus Glomsrud – sentralstyremedlem

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg var eit inaktivt medlem av Målungdommen gjennom heile vidaregåande, fortel ørstingen Synnøve Marie Sætre (24). Ho melde seg først inn i 2006, då Jens Kihl var på målferd til Ørsta Ungdomsskule, den gong som medlem av Målungdommen.

– Jens var jo ein nynorskmann frå Oslo. Eg forstod litt meir kva nynorsken handla om, og at det ikkje var like trygt som i Ørsta-bobla overalt.

Det var då ho flytta til Oslo at engasjementet for nynorsken vart vekt.

– Eg såg då eg flytta til Oslo at noko ikkje var som det skulle. Sjølv om eg brukar eit språk som er mindre brukt enn bokmål skal det vera like greitt å bruka begge deler. Eg kan aldri gå på ein fest utan å komma i prat om nynorsken, berre fordi eg pratar som eg gjer. Men eg har veldig lyst til at alle skal kunne bruka språket sitt som om det var det mest naturlege i verda.

Test deg sjølv: Kva veit du eigentleg om Ivar Aasen?

Tenkerundar
På landsmøtet til Norsk Målungdom (NMU) denne helga vart det nye sentralstyret satt. Då er det Synnøve Marie Sætre som skal sitja i leiarstolen, og tar over roret etter Osloguten Karl Peder Mork. Då valkomiteen spurde om ho ville ta over var ikkje svaret klart med ein gong.

– Eg måtte ta nokre rundar med meg sjølv. I år har eg tatt pause frå studiane, og eg var usikker på om eg kunne halda fram med permisjonen eller gå vidare. Etter å ha tenkt meg litt om og rådført meg med både Karl Peder og Vebjørn (Sture, tidlegare leiar, red.anm), så takka eg ja.

Studiet ho har tatt permisjon frå er Lektorprogrammet ved Universitetet i Oslo – nesten sjølvsagt med nordisk som hovudfag. No skal ho starta på Nynorsk skriftkultur i Volda som ein del av lektorutdanninga, medan ho er leiar i NMU.

– Eg er litt nervøs for balansen mellom studiane og leiarvervet, men eg er veldig klar på at NMU er førsteprioriteten. Blir det for travelt trappar eg ned på studiane.

LES OGSÅ: No får du Målungdom-kondom

Synleg for fleire
Når Synnøve Marie Sætre møter Framtida sin reporter er ho framleis sliten etter landsmøtet. Ho er den einaste frå Målungdommen som er på kontorlokala dei deler med Mållaget i Oslo måndag morgon, og ho trakkar forsiktig over eit par kassar med materiale frå møtet i helga. Ho insisterer på at det ikkje ser slik ut til vanleg, og viser raskt vegen til kaffikanna etter å ha vist fram presseveggen, som viser fram nokre av gjennomslaga Målungdommen har hatt i den siste tida. Hotell, badeland og ferjer har alle konvertert til nynorsk etter oppmoding frå Målungdommen.

– Me føler alle at NMU er på ei god linje om dagen, at me får gjennomslag for mykje. Nynorsken blir synleg for fleire, og det må me halda fram med. Så politisk blir det ingen revolusjon no, seier den påtroppande leiaren om kva endringar ho skal ta med seg inn.

Det er likevel nokre ting som skiller ho frå dei to føregåande leiarane, meiner ho.

– Då eg snakka med Vebjørn (Sture, red.anm) om å ta over leiarvervet fortalde han at han sleit med dei same spørsmåla som eg – om han var flink nok. Så seier han at eg er han med empati, så eg har nok ein del andre eigenskapar som vil gjera det annleis å ha meg som leiar.

Kva kvalitetar tek du med deg som leiar?

– Eg ser at det er veldig mange ulike ting som skapar ein god leiar, men eg er stødig, det skal eg ha. Og så er eg empatisk og har eit ryddig hovud.

Som leiar har ho nokre kjernesaker. Nokre ting provoserer ho, nokre ting engasjerer personleg – viktigast er det at det ikkje skal vera ei utfordring å bruka nynorsk.

– Me er ein organisasjon for dei som ikkje er medlem, på mange måtar. Me er her for dei som berre vil bruka språket sitt, me kan ikkje krevja at alle står fremst og klagar på manglande lærebøker på nynorsk. Me er her for å gjera det.

Når du kjem frå Ørsta, der ein statue av Ivar Aasen står midt i sentrum og same mann har gitt namn til det største hotellet i området, har ikkje det vore eit stort problem at nynorsken blir trua.

– Med Kunnskapsløftet fekk me nye lærebøker, men eg hugsar nynorskversjonane var forsinka frå trykkeriet. Då sprang alle lærarane rundt og kopierte opp eksemplar til oss, og det var i det heile veldig trygt og godt å vera nynorskbrukar.

Likevel er det ungdom frå akkurat desse områda Synnøve Marie Sætre vil gjera meir bevisste på språket sitt.

– Ein skal jo og halda på nynorsken. Det å gjera folk trygge på språket sitt må skje før dei reiser frå dei trygge områda. I skulen må ein snakka meir om språk, og ikkje berre læra det.

LES OGSÅ: Matematikar: Derfor er alle hipsterar like

SynnoveMarie1
– Eg kan aldri gå på ein fest utan å komma i prat om nynorsken, berre fordi eg pratar som eg gjer. Eg har veldig lyst til at alle skal kunne bruka språket sitt som om det var det mest naturlege i verda, seier Synnøve Marie Sætre. Foto: Anders Veberg

Hipster-faktoren
Som lektorstudent er det også naturleg at Synnøve Marie Sætre meiner den viktigaste kampen skjer på skulen.

– Eg har sjølv sett kor lite sidemål det er i studiet eg sjølv går på, og kor lite ein lærer om nynorsk og bokmål når ein skal bli norsklærar. Eg har hatt medstudentar som ikkje kan nynorsk i det heile, og som no er klare til å byrja som norsklærar. Me må løysa opp i den vonde sirkelen. Når ferske lærarar går ut med lite kunnskap og dårlege haldningar skapar ikkje det flinke elevar med gode haldningar.

Det er likesæle som provoserer Synnøve Marie Sætre meir enn noko anna.

– At Mållova blir broten utan store konsekvensar, og at folk tykkjer det er heilt greitt sjølv om nynorsk og bokmål skal vera jamstelt – det provoserer meg.

– Er det du som skal gjera nynorsk ordentleg kult?

– Nokon sa til meg ein gong at nynorsk hadde hipster-faktoren, og derfor var kult. Eg trur fleire allereie tykkjer nynorsken er kul, den kan ha ein brei appell.

Men det er framleis eit provoserande tema med nynorsk, kvar gong debatten kjem fram.

– Det blir veldig nært med språk, og ein tek det kanskje meir personleg i debatten, seier den påtroppande NMU-leiaren.

Men sjølv om temperaturen i kranglane framleis er høg, er det ei god tid å jobba for nynorsken.

– Eg trur ikkje nynorsken har hatt like stor aksept som den har no. Frå 60-talet og fram til i dag har det skjedd enorme haldningsendringar, sjølv om det er ein del mangel på språkmedvit igjen.

LES OGSÅ: No skal politiet på kurs i nynorsk

Oppdatert: onsdag 23. august 2017 16.19
ANNONSE