Slik unngår denne skulen fråfall

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først i Bømlo-Nytt

Langt færre ungdommar frå Bømlo droppar ut av den vidaregåande skulen enn på landsbasis. Russen ved Bømlo vidaregåande skule er ikkje overraska. Mens myndigheitene ropar varsku og lovar tiltak etter at stadig fleire elevar vél å slutte i den vidaregåande skulen, ligg fråfallsprosenten blant Bømlo-ungdommen langt under landsgjennomsnittet.

Den nye levekårsrapporten frå Folkehelseinstituttet slår fast at 24 prosent av elevane sluttar i den vidaregåande skulen i Norge, for Hordaland er talet 23 prosent. Men på Bømlo prioriterer ungdommen annleis. Berre 15 prosent takkar for seg før fullført utdanning, og årets russekull er ikkje overraska. Dei trur miljøet og storleiken på skulen har mykje å seie. Rebekka Gåsland Håvik har vore medlem i elevrådet dei siste åra og seier undersøkinga i stor grad stadfestar undersøkingar dei har gjennomført på skulen.
 – Me har hatt fleire uformelle elevundersøkelsar der skulen har fått toppscore når det gjeld trivsel, noko me sjølvsagt er glade for. Når elevane trivst i kvardagen blir me også meir motivert til å lære, seier ho.

LES OGSÅ: Fleire elevar fullfører yrkesfag

Trygt miljø
Russekollega Torgeir Hofland trur det er noko heilt anna å vera elev ved ein stor skule til dømes i ein av byane.
– Hos oss har lærarane meir tid til kvar enkelt elev, og me får eit meir personleg forhold til både medelevane og lærarane enn ved ein større skule. Samtidig opplevest det som eit trygt miljø, noko som sjølvsagt også er viktig, seier Hofland.

– Eg opplever Bømlo vidaregåande som ein akkurat passe stor skule. Den er liten nok til at alle føler seg sette og inkluderte, og stor nok til å kunne tilby eit godt undervisningstilbod. Eg trur mange av oss kjem til å sakne åra her, supplerer Matthias Gudmundsson. Dei legg til at det er enklare å få på plass sosiale og veldedige arrangement på ein mellomstor skule som på Leite.

Byen lokkar
Når Russ15 om få veker må hengje den raude dressen opp for godt, ønskjer likevel mange av elevane seg over til ein større utdanningsinstitusjon. Rebekka skal ha seg eit år som backpacker før ho flyttar til Stavanger og tar til ved universitetet. Då skal Torgeir Hofland vera godt i gong med sine studiar i oljebyen. Matthias Gudmundson peilar seg inn i retning Vestlandets hovudstad og tar til ved Universitetet i Bergen frå hausten av.

 – Det skal bli ein stor overgang. Ein ting er å flytte for seg sjølv til ein heilt ny plass, men samtidig får me òg eit mykje større ansvar for eiga læring enn i dag. Det vil bli både utfordrande og spanande, seier dei og trur ballasten frå Bømlo vidaregåande skule blir god å ha med.

Gode minne
– Kva minner vil sitje med om tida på Bømlo vidaregåande skule om 10 år?
– Mange kjekke og positive folk, og kjekke festar, ler dei og seier dei allereie ser fram til første jubileumsfest.
– Samtidig vil innsamlingsaksjonen Løp for livet vera noko me kjem til å hugse heile livet. Eg trur me alle er stolte over det me fekk til, at også me slo fjorårets rekord. Dette var eit så spesielt arrangement der me følte at me hadde heile lokalsamfunnet med oss. Å gå med bøsse på dørene til folk var berre ei glede, og at me samla inn langt meir enn det russen på Stord klarte viser kor stor og etablert denne innsamlingsaksjonen har blitt på Bømlo, seier ei nøgd Rebekka Gåsland Håvik.

LES OGSÅ: Einsame elevar droppar ut