Færre går studiespesialiserande, fleire vil jobba med helse og bygg. For første gong på fleire år aukar tala for yrkesfag.

Søkartala for vidaregåande skule for 2015 er klare. Studiespesialiserande er enno klart størst av linjene, men mykje kan tyda på at den dårlege trenden for yrkesfag er på veg til å snu seg. For første gong på fleire år aukar faktisk yrkesfaga.

– Veksten er ikkje stor, berre 1 prosent på landsbasis, men ein har i det minste klart å snu ein trend der stadig fleire elevar har valt studiespesialiserande framfor yrkesfag, seier rådgjevar i Utdanningsdirektoratet, Kjetil Gunnerud Kristoffersen, til NTB.

LES OGSÅ: Unge ser ned på yrkesfag

Populært med helse
Studiespesialiserande er enno klart størst, men det har gått tilbake i popularitet frå i fjor. I underkant av 28 000 elevar har søkt seg til studiespesialiserande i år, rundt 500 færre enn i fjor. Her er jentene i fleirtal – 16 000 jenter vil gå på studiespesialiserande, med 12 000 gutar.

Helse- og oppvekstfag (HO) er det mest populære av yrkesfaga – dei aukar også mest i søkarar. Nær 9000 søkjer seg hit, 640 fleire enn i fjor. Her er jentene i klart fleirtal – 7500 mot 1400, rundt rekna. Også bygg- og anleggsteknikk får ein oppsving, og får 11 prosent fleire søkarar enn i fjor.

Teknikk/industriell produksjon har gått på ein smell samanlikna med fjoråret. Linja mista 800 søkarar frå i fjor, med rundt 6200 søkarar i år. Her er gutane i fleirtal – 5500 mot 800 jenter.

LES OGSÅ: Foreldre påverkar skulevalet mest

– Har jobba mykje
Det har vore mykje fokus på den sviktande populariteten til yrkesfag dei siste åra. Mykje tyder på at unge ser ned på yrkesfag, og det har blitt eit tabu å velja yrkesretta linjer, i staden for å gå for to mastergrader på universitetet.

Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO) har difor jobba hardt for å rekruttera til yrkesfag – og når over halvparten av elevane som søkjer seg til VGS vil gå på yrkesfag, kan rekrutteringa kallast ein suksess.

– Det er tydeleg at fleire unge og foreldra har fått auga opp for alle moglegheiter det gir å velja yrkesfag, seier kompetansedirektør i NHO, Are Turmo, i ei pressemelding.

– Det har me jobba mykje med å gjera synleg, legg han til.

Han er glad for å sjå at spesielt bygg- og anleggsteknikk er meir populært i år.

– Det er veldig gledeleg at bygg- og anleggsteknikk aukar etter fleire år med nedgang. Byggfag er den mest etterspurde yrkesfagretninga blant medlemma til NHO, seier Turmo.

Ei oversikt laga av Senter for IKT i utdanninga over jobbmoglegheitene innan ulike yrkesretninga i tida som kjem, kan

LES OGSÅ: Sjekk jobbmoglegheitene dine!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

Kommentarar

ANNONSE