Amerikanske forskarar konkluderer med det, etter at ein gjennomgang synte at det blir brukt fleire positive ord enn negative.

Faktaboks

Dette er dei ti mest brukte språka i verden:

Engelsk

Brasiliansk portugisisk

Kinesisk

Spansk

Fransk, Tysk

Arabisk

Indonesisk

Russisk

Koreansk

LES FAKTALUKK FAKTA

Det skriv Forskning.no. Eit forskarteam ved University of Vermont har konkludert med at språka jamt over er «lukkelege», basert på at storparten av orda som blir brukt er positivt lada.

Forskarane såg på eit enormt tilfang av språkprøvar frå dei ti vanlegaste språka i verden. Språkprøvane kom frå mellom anna filmar, bøker, musikk – og så samla dei inn 100 milliardar ord frå Twitter.

Frå dette tilfanget tok dei ut dei 10 000 vanlegaste orda i kvart språk, som vart presentert for folk med språka som morsmål. Dei skulle rangera orda frå veldig positive til veldig negative.

Konklusjonen etter alt dette er at språk stort sett er positivt lada.

– Me såg på til ulike språk. På alle dei måtane folk uttrykte seg på, brukte dei fleire positive enn negative ord, seier professor Peter Dodds, som leia studien.

LES OGSÅ: Kva om du ikkje hadde talespråk?

Tvilar på resultatet
Danske videnskab.dk har snakka med Anna Vibeke Lindø, førsteamanuensis ved Syddansk Universitet. Ho meiner ikkje dette er nok til å konkludera med at språk er lukkelege.

– Ein kan ikkje sei at språk har ein tendens til å vera meir lukkelege berre fordi det er fleire positive ord, seier Lindø til videnskab.dk.

– Problemet er at konteksten manglar. Dei behandlar språket som eit enkelt instrument som kan behandlast som ein matematisk metode. Språket er mykje meir komplekst enn det, legg ho til.

LES OGSÅ: Spår meir dialekt i Donald

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE