Enno ikkje bestemt deg for kva du skal velje på vidaregåande? Her er nokre gode råd i siste liten.

mm
Faktaboks

Ungdomsretten

Ungdom som har fullført grunnskulen eller tilsvarande utdanning har rett på tre års vidaregåande opplæring i heimfylket sitt over ein samanhengande periode på fem år før dei fyller 24 år. For yrkesfag med læretid er denne retten utvida med eitt år. 

LES FAKTALUKK FAKTA

Første tips frå karriererettleiarar når du skal velje utdanning er å bruke god tid. Har du ikkje gjort det, eller er litt usikker på vala du har vurdert, kan du få nokre tips her.

LES OGSÅ: Foreldre påverkar skulevalet mest

Søndag 1. mars går fristen ut for å søkje vidaregåande utdanning. Er du ein av dei 75.000 norske ungdommane som går ut av ungdomsskulen denne våren, men har enno ikkje bestemt deg? Her er åtte andre tips som kanskje kan hjelpe:

1. Kva interesserer du deg for?

Kva fag likar du best på skulen? Tenk på kva verdiar og interesser du har. Det finst fleire interessetestar som kan gje deg ein peikepinn.

Her finn du Vilbli.no sin test.

NAV har ein enkel interessetest i tillegg til den meir omfattande testen Veivalg.

Jobbkompasset kan du finne yrker som passar dine interesser.

Har du ein hobby som du kan tenkje deg å gjere til jobb? Det vert lettare å gjennomføre studier om du vel noko du likar, men ikkje alle trivst med å jobbe med hobbyen sin.

LES OGSÅ: Unge ser ned på yrkesfag

2. Kva eigenskapar og ferdigheiter har du?

Kva er du flink til? Er du teoretisk eller praktisk anlagt? Bør du då velje studiespesialisering eller eit meir praktisk alternativ? Kva du er flink til vil ofte samsvara med dine interesser.

3. Kva kan eg velje?

Jo meir informasjon du har, jo betre. På utdanning.no finn du informasjon om yrker – som du kanskje ikkje har tenkt på – og kva skular som tilbyr dei ulike linjene. På vilbli.nofår du god oversikt over dei ulike studieløpa.

Det er lurt å oppsøkje skular og utdanningsmesser. I tillegg bør ein snakke med rådgjevar, foreldre, vener og folk som jobbar i ulike yrker.

4. Kva er viktig for deg i ein jobb?

Er du oppteken av løn er det lurt å sjekke dette på forhånd. Nokre yrkesfag kan til dømes gje høgare løn og mindre studielån enn mange høgare utdanningar.

Vil du jobbe med menneskjer? Dei fleste jobbar innebærer ein eller anna kontakt med menneskjer. Tenk over kva menneskjer du vil ha kontakt med. Unge, gamle, friske eller sjuke? Vil du ha mykje ansvar, eller ikkje?

Ynskjer du å vere kreativ, aktiv, vere ute eller sitje på kontor?

Ein prat med nokon som anten er under utdanning eller jobbar med det du kan tenkje deg å bli kan vere lurt. Kva arbeidsoppgåver, arbeidstid og arbeidsmiljø har dei?

5. Får eg jobb?

Arbeidsmarknaden svingar, men nokre spådommar kan hjelpe. Akkurat no er det for få som utdannar seg til å verte lærar eller sjukepleiarar, medan for mange studerer økonomi og administrasjon.

Om du er oppeteken av å ha ein trygg arbeidskvardag, kan det vere lurt å tenkje ekstra over korleis arbeidsmarknaden er.

LES OGSÅ: Fleire fullfører vidaregåande skule

6. Korleis er skulen?

Korleis skulemiljøet er vil ha mykje å seie for kva du får ut av utdanninga. Vel eit miljø som passar deg og dine interesser.

7. Kan eg vidareutdanne meg?

Siktar du deg inn på eit studieløp som treng generell eller spesiell studiekompetanse? Kanskje vel du yrkesfag og vil vidareutdanne deg om nokre år. Sjekk kva moglegheiter du får med utdanninga di.

8. Det er ditt val!

Lytt til foreldre, vener og rådgjevar, men ta valet sjølv. Det er di framtid!

Lukke til!

LES OGSÅ: Norden kartlegg psykisk helse blant unge

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59
ANNONSE