I åtte månader har Marte kjempa og venta på at mannen Gabriel skal få koma til Noreg, og at dottera skal få veksa opp med far sin.

Irene Bratteng Jensen, Avisa Nordhordland
Irene Bratteng Jensen, Avisa Nordhordland

Artikkelen var først hos Avisa Nordhordland

– Vi anar ikkje når svaret kjem. Ventinga og saknet gjer meg sliten og sjuk.

Det seier den djupt fortvila småbarnsmammaen Marte Danielsen (25), som bur på Uglåsen.
Som 22-åring reiste Marte til Tanzania, kor ho hadde ein fire månader lang praksisperiode som sosionom. Der møtte ho Gabriel, som jobba på kafeen like ved kontoret ho jobba på.

– Vi vart forelska, og kort tid etter kjærastar, fortel Marte.

Svært sjuk og heilt åleine
Gabriel kom til Norge for å besøka Marte, og berre nokre dagar før turistvisumet gjekk ut, fant dei to ut at Marte var gravid – dei skulle verta foreldre.

– Det fanst ingen moglegheiter for å søka om forlenging av Gabriel sitt opphald, og han måtte difor ut av landet få dagar etter at vi hadde fått nyheita om det gryande livet i magen.

Marte fekk store blodtrykksfall, utvikla ekstrem svangerskapskvalme og gjekk ned 10 kilo dei første månadene.

– Det var vanskeleg å vera heilt åleine med sjukdommen. Gabriel hadde eit stort ønske om å reisa hit for å støtta og hjelpa meg, men hadde karantene på 3 månader før han kunne søka om nytt visum – ein prosess som ville ta over 4 månader til saman, fortel ho.

Dei blivande foreldra valde difor å utsetta innreisa, slik at den vart lagt til terminen.

– Vi snakka jamleg på Skype, og det var tungt for han å sjå meg vera sjuk, utan å kunne hjelpa meg. Eg måtte si opp leilegheita mi og flytta tilbake til mine foreldre, for å sikra at eg fekk den hjelpen eg trengde.

LES OGSÅ: Halvparten meiner innvandring gjer Noreg betre

Ingen hjelp frå UDI
Gabriel kom til Norge desember 2012, og fekk med seg fødselen til dottera deira, Ylva Charlotte, som no har vorte 2 år.

Til trass for at Marte tok seg jobb medan ho hadde mammapermisjon, for å bevisa for UDI at ho hadde inntekt, var ikkje dette godt nok for å søka familiegjenforeining. Heller ikkje då vesle Ylva Charlotte vart sjuk, og måtte inn og ut av Haukeland sjukehus, kunne UDI hjelpa.

– Eg fekk beskjed om at ingenting kunne gjerast så lenge eg ikkje hadde nok pengar, seier ho og fortel vidare at ho ved fleire anledningar har fått frekke svar frå personar som jobbar i UDI.

– Ein gong eg ringde, sa vedkommande i telefonen at «Det er din egen feil at du er i denne situasjonen». Eg vert heilt skaka av slike utsegn, seier ho.

Paret fekk eit tungt år, der dei verken visste kva dei kunne eller burde gjera. Dei vurderte å bu i Tanzania, men på grunn av små moglegheiter for jobb for begge, fant dei ut at Norge trass alt var det beste valet.

– Det å skapa eit liv saman, såg mørkt ut for vår vesle familie, trass at kjærleiken aldri bleikna.

LES OGSÅ: «I 12 år har han kjempa»

Gifta seg i Tanzania
Dei to klarte å snu dei negative tankane, og kom i mål med sitt høgaste ønske, som var å gifta seg.

– Det gjorde vi i februar 2014, med familie frå Norge og Tanzania til stades. Endeleg kunne vi søka familiegjenforeining.

Etter 6 dagar som gift, måtte dei skjela lag. Marte måtte heim og skaffa seg ein jobb.

– Eg har aldri sett min dotter så desperat, som då ho på eit vis skjønte at vi skulle reise frå pappaen hennar.

Marte fekk seg rakst fast jobb, men dei gjekk likevel ein tung tid i møte.

LES OGSÅ: Mor mot alle odds

Lang ventetid
– Då vi leverte var ventetida for å få ein saksbehandlar 9 månader, men UDI sin behandlingstid er flytande, og no har ventetida økt til eit år. For oss som er sambuar eller gift med ein mann frå Afrika, er det 18 månader for å få behandla saka.

No har den vesle familien venta i åtte månader, og dei veit per dags dato ingenting om når dei endeleg kan få starta livane sine som familie.

– Denne situasjonen er heilt forferdeleg. Vi har heilt mista retten til å bestemma noko som helst sjølv. Eg vert sliten, sjuk og dårleg av å vente, og ikkje minst sakna mannen min.

Marte fortel at ho og dottera har kontakt med Gabriel via Skype, slik at han får sett dottera si så ofte som mogleg.

– Ylva Charlotte kallar datamaskina for pappa, for det er jo der ho er vant til å sjå han. Kvar kveld spør og grin ho etter pappaen sin, noko som er grufullt for meg å sjå. Eg føler meg nesten som ein dårleg mor – for eg har ingen svar å gje ho når ho spør om når pappa kjem.

LES OGSÅ: Meir enn glansbiletet

Drøymer om A4-liv
Marte fortel at det hadde betydd alt for ho å kunne starta eit liv saman, som familie.

– Eg drøymer om eit «kjedeleg» A4-liv, med jobb, hus og bil. Eg drøymer om å sitta saman ved frukostbordet, berre oss tre. Og eg drøymer om at Ylva Charlotte skal få søsken, Alt dette er sett på vent på uviss tid. Eg føler at UDI tar frå oss retten til livet som familie, og til at dottera mi skal få bli kjent med sin far.

I tillegg meiner ho at UDI bryt FNs barnekonvensjon.

– Dei bryt med FNs barnekonvensjon med tanke på at barnets beste skal ligga til grunne. Barn har også, ifølge barnekonvensjonen, rett på omsorg frå begge foreldra. Ylva Charlotte vert nekta omsorg frå sin pappa.

LES OGSÅ: Venta på Emmeli i ni lange år

– Ubeskriveleg vondt

I ein mail får Tanzania, uttrykker Gabriel fortviling over at han ikkje får moglegheita til å delta i store deler av dottera sitt liv.

– Det at eg som far ser dottera min vakse opp over Skype gjer ubeskriveleg vondt. Det er betre enn ingenting, men det er ein stadig påminning om at eg ikkje får vera der og læra ho å kjenna. Eg ser veldig fram til å vera saman med familien min. Då kan vi bygga ein felles framtid, og ikkje minst kan eg vera til stades når min kone og dotter treng meg. Hovudproblemet med ventinga er at vi ikkje veit når ventetida er over, skriv han.

LES OGSÅ: Språkforskarar går imot språktesten til Frp

Langt nede på lista
Områdeleiar i UDIs opphaldsavdeling, Anne Kari Kollstrøm, forklarer Marte og Gabriel sin lange ventetid med at UDI må ta omsyn til Stortingets løyvingar og departementets prioriteringar.

– Vi prioriterer søknader om asyl, arbeidsinnvandring, visum, og studiar, i tillegg til utvising av kriminelle. Det gjer dessverre at familieinnvandringssaker kjem lengre ned på lista. Men vi jobbar kontinuerleg med å betra effektiviteten på dette området, seier ho.

– Kva ventar UDI på i denne saka, kvifor tar det så lang tid å få eit svar?

– Det meste av saksbehandlingstida er tid kor saka står i kø og ventar på å bli tildelt ein saksbehandlar.

LES OGSÅ: Slik byrja asylbarn-saka

Beklagar seg
– Når kan Marte og Gabriel forventa seg å få eit svar?

– Mannen fremma søknad i juni 2014 og kan som hovudregel venta seg svar 18 månader etter dette, altså i desember. Dersom det viser seg at vi ikkje har behov for eit intervju eller å gjera andre undersøkingar i saka, kan saka verta behandla innan 12 månader.

Kollstrøm legg seg flat når Avisa Nordhordland fortel at Marte ved fleire anledningar har opplevd å få frekke kommentarar frå UDI, som mellom anna at «Det er din egen feil at du er i denne situasjonen».

– Vi ønsker å møte alle våre brukarar på ein profesjonell og vennleg måte. Dersom Danielsen har vorte møtt på den måten ho beskriv, må vi berre beklage dette. Det er på ingen måte i samsvar med korleis vi ønsker å stå fram overfor våre brukarar, seier ho.

LES OGSÅ: Set Jesus framføre familien

UDI ikkje einig
Kollstrøm er midlertid ikkje samd i at UDI bryt menneskerettar og FNs barnekonvensjon ved at dei lar det gå så lang tid før Gabriel får komme til Norge, og delta i hennar liv.

– UDI meiner det å stille vilkår for familieinnvandring og ha ein saksbehandlingsprosess med ein viss saksbehandlingstid, ikkje strider med menneskerettane og FNs barnekonvensjon, seier Kollstrøm.

LES OGSÅ: – Det må vera lov å prøva å bli pappa

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE