– Får kunnskapen inn med app

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Geir Larsen har jobba med pedagogiske ikt-verktøy sidan 80-talet. No bruker ikt-konsulenten i Ullensvang herad fritida si til å laga læringsappar.

Gjennom firmaet ARTEL Larsen har han lansert over 30 appar ein kan ha både nytte og glede av på iPad, Android-brett, Mac  eller Windows  8.

– Appane er i hovudsak for aldersgruppa 4-16 år. Vaksne som vil ha litt «grunntrening» vil og ha glede og nytte av ord- og reknetreningsappane sidan dei ikkje er spesielt «barnlege» i innhald.

– Kva omsyn tar du til alderssteg når du utviklar appar?

– Grafisk utforming, og at appane er lette å bruka og innhald.

LES OGSÅ: Kva er ein god barnebok-app?

Gratisappar
Geir Larsen har om lag 6000 nedlastingar siste året, då fordelt på gratisappar og salsappar.

– Appane for alfabettrening og appen eg laga for Mikkelparken i Kinsarvik er gratis.

Noko gullgruver er det nok ikkje å laga pedagogiske program i Noreg, men salet kjem seg kanskje etter dette, for det er vanskeleg å verta oppdaga i flaumen av appar.

Alle appane hans er på nynorsk, med unntak av eit par som er på engelsk.

– Eg prøvde meg litt internasjonalt, og fekk positiv respons mellom språklærarar i USA, men ikkje dei store salstala.

Nokre er spesiell versjon for nynorsk. «Gode grannar», til dømes, som går på mengder og storleik, og «Pengeleik» som øver myntar, setlar og hovudrekning.

Andre har nynorsk/bokmål som val i appen.

LES OGSÅ: Digital storsatsing i Samlaget

Fundamentet for all læring
Nett no arbeider han etter attendemeldingar frå lærarar, med appar for lyd- og ordtrening i første klasse og enkelt-/dobbeltkonsonant for mellomtrinnet.

– Grunntanken bak appane mine er at ein del kunnskap skal liggja i ryggmargen, og vera overlært slik at den er sjølvsagt og ikkje tek energi frå anna læring.

– Sentralt er grunnleggande rettskriving, lesefart og basis reknedugleik. Dette er fundamentet for all anna læring, og det som eg kallar «grunntrening» vert lett, men naudsynt, repetisjon og ofte keisamt. Då kan det vera greitt å gjera desse øvingane meir motiverande med appar. Alle appane inneheld eit tevlingselement som gjev «ein gong til» effekt og dermed repetisjon etter ynskje meir enn etter pålegg.

Dei som ikkje allereie har funne fram til dei pedagogiske appane, kan gå i App Store på iPaden. Søker du på Geir Larsen, dukkar dei opp.

Les intervju med Geir Larsen i Hardanger Folkeblad!